Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damelaget slit med å finne vinnarformelen




Foto:Eirik Thue

Nok ein gong gjekk damene av bana med 0 poeng etter at heimelaget Eid laga 7 mot BIL sine 2.

Damene reiste til Eid søndag med håp om retta litt på inntrykket etter to svake haustkampar. Det gjekk heller dårleg. På oppvarminga vart Karita skada, og kunne ikkje spele. Nyerværva Anette frå Hyllestad vart sett inn som midtstoppar. Anette fekk strekk etter eit par minuttar, og dermed var ein på etterskot. Rokkeringar og spelarar som hadde altfor stor respekt for Eid sine "gamle", store og presise spelarar, medverka til at det stod 4-0 til Eid før halvtimen var spela.

6 minutt gjekk det før heimelaget leia 1-0. Midtbana til Balestrand misser ballen, forsvaret som er på veg fram er utspelt. 19 minutt 2-0 etter at Eid kjem altfor lett forbi på høgresida. Her burde ein ha takla og avverga innlegg. 21 minutt og 3-0. Heidi vert aleine med to motstandarar som enkelt slår pasningar seg i mellom og spelar ut Heidi og Linn. 4-0 kjem etter nok ein feil i midtbaneleddet.

Lina reduserar etter 40 minutt. Sara har eit flott raid fram på venstresida og slår perfekt inn til Lina som kjem stormande på bakerst og breisiar ballen i mål.

3 minutt seinare kjem Eid på overgang, og rot i midtforsvaret gjev 5-1 til pause. Ein noko slukøyra og skuffa gjeng frå Balestrand og ein fortvila og frustrert trenar tek pause. Beskjed er klinkande klar. Nummer 3 på sentral midtbane for Eid MÅ markerast, og ein må gå i kroppen for å hindra at ho gjer som ho vil. Spelarane nikka og var einige.

Kva skjer? Ingen ting... Avtand i markeringar, press og presisjon i det som skal gjerast er nesten fråverande.

11 minutt av 2. omgang står det 6-1 etter eit skot som Linn kanskje burde tatt. Ingunn reduserte til 6-2 etter flott pasning frå Lina. Minuttet etter sette Eid inn sitt og kampens siste mål, og vann fortent 7-2.

Kvarteret før slutt gjekk Eid sin midtbanegeneral ut, og då tok Balestrand over midtbanene. Ein kan vel seie at trenaren har eit ansvar med å "nøytralisere" vedkomande på eit tidlegare tidspunkt. Mogeleg det, men då må eigne spelarar faktisk hjelpe til.

Linn spelte nok ein kjempekamp i mål og hadde fleire gode redningar. I tillegg var Hanne solid på backplass, Heidi kom godt i frå det som midtstopper, og Ingunn og Lina gjorde òg ein godkjend jobb. Det var ingen av Balestrand sin spelarar som var dårlege, men dei fekk ikkje til det som kan når dei er i slag og er topp motiverte. Det vart for mykje jobbing ein og ein, og for lite saman som eit lag.

Eit nytt slag i trynet for det unge balestrandslaget, og ein kan spørja seg om kor mange fleire ein toler. Skilnaden frå jente til damefotball er stor. Balestrand manglar alt som har ordet rutine i seg. Med ein snittalder på 16,4 år er laget truelg eit av dei yngste seniorlaga i systemet. Ein trur det er viktig at både spelarar og trenar/støttapparat finn attende trua og ikkje minst gleda med det ein held på med. Gode spelarar som vi missa etter avslutta skulegang i sommar, kan ikkje erstattast "over natta". Langsiktig og målretta jobbing mot eit felles mål må vere ein veg å gå. Kanskje kan nye trenarkrefter vere ei løysing.

Fredag reiser Balestrand til Førde for møte eit av topplaga. Søndag 3. september klokka 1430 kjem Høyang til Kreklingen. EIn vonar på at flest mogeleg kjem og støttar opp om laget då.



Foto:Eirik Thue



Skrive av: Geir Harkjerr (28.08.06 - 15:50)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487153 besøk, sidan 18. juli 2005