Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Framleis utan siger



Lina frå heimekampen i vår
Foto:Eirik Thue

Onsdag var damelaget på Sandane for å spele haustens andre kamp. Det enda med nok eit tap for det unge Balestrandslaget.

Balestrand var nesten tilbake i godt gamalt slag frå start denne kampen. Allereie før minuttet var gått, burde Lina ha sett ballen i mål, aleine med keeper. Ingunn laga 1-0 i angrepet etter med eit flott langskudd frå 25 meter. Sandane utlikna til 1-1 etter 6 minutt. Eit litt for tregt forsvar klarte ikkje å henge med i løpsduellen, og Linn var litt for passiv.

Ingunn la på til 2-1 etter 21 minutt etter god pasning frå Lina. Ingunn brukte kreftene sine og kjempa seg forbi to forsvarar, og sette ballen enkelt i mål til høgre for keeper. Lina skal gje Balestrand 3-1 fire minuttar seinare, men klarer å skyte ballen rett på keeper. Sandane utlikna på nytt i det 32. minutt. Forsvaret stod høgt. Ballen vart slegen mellom back og stoppar, og ein klarte ikkje å nå att ein rask spiss. Linn var sjanselaus aleine.

Kampens høgdepunkt kjem etter 42 minutt. Linn føretek ei kjemperedning på eit skot frå 10-12 meter. Ho er i nesten full strekk og klarer så vidt å nå ballen. Ballen fèr ut til femmetaren der ein Sandanespelar står og fyrer av returen. På tida ballen brukar frå hanskane til Linn, ut til Sandanespelaren og tilbake, klarer Linn å kome seg nesten opp på føtene. I alle fall nok at ho føretek ei feberredning på returen. Ballen vert slegen til corner. Skal nesten ikkje vere mogeleg å redde i hvert fall skot nummer to. Ein har nesten ikkje liknande ein gong på tv. Diverre skåra Sandane i etterkant av corneren, og laga gjekk til pause med 3-2 til glopparane.

Linn fortsette storspelet i andre omgang. I løpet av cei første ti minutta hadde ho tre redningar av høg kvalitet. Lina vert spelt flott gjennom av Karita etter ti minutt, og skårar sikkert til 3-3. Sandane legg på til 4-3 berre tre minutt seinare, på nytt etter corner.

Balestrand fortsett å kjempe, og laget opptrer både kollektivt og som enkeltspelarar slik ein kjenner laget frå vårsesongen. Dei siste 15-20 minutta av kampen, tek kreftene slutt hos dei fleste. Ei våt og tung grasbane kan ta noko av skulda. Manglande eigentrening i sommar tek resten av skulda. Sandane aukar leiinga tre gonger heilt mot slutten, og vinn til slut fortent 7-3. Litt synd med dei siste måla, då dette øydelegg heilheitsintrykket, men vi gledar oss over laget er på rett veg att.

Alle spelarane gjorde ein flott innsats, og dei ville mykje. Ikkje alle fekk ut alt dei er god for, men det var ingen som treng å vere misnøgde med eigen innsats.

Linn spelte sin beste kamp nokon gong. Sjølv om ho slepp inn 7 mål, gjer ho ein kamp som det står stor respekt av. Dei siste måla kjem fordi laget kollapsar litt kollektivt siste ti minutta, og då må ein rekne med at ballen hamnar i mål når dei står på rekke og rad og fyrar laust.

Marte, Hanne, Karita, Tonje, spelte meget bra i forsvaret. Stod litt høgt på to av måla i 1. omgang, og tapte løpsduellane. Likevel solid innsats av gamal god klasse. Ranghild K kom inn som venstre back og gjorde ein flott kamp. Særleg returløpa var det høg klasse over. Anette fekk prøve seg som midtstoppar, og klarte seg òg særs godt. Gode taklingar, men er ikkje heilt van med offside.

Ann Kristin og Heidi var solide og gode på sentral midtbane. Silje og Sara jobba godt og sprang mykje på sidene. Barbro kom inn og fortsette på same måten då Sara gjekk tom for krefter. Ingunn og Lina var gode spissar, men burde begge ha skåra fleire mål.

Cecilie og Bjørg Kristine kom inn i 2. omgang og bidrog positivt. Manglar samspel med laget, men dette kjem etter kvart.

Totalt sett ein kamp som ein må vere nøgd med innsatsen i 70 minutt. Fleire spelarar tok ansvar, var gode og jobba bra. Framleis mykje å rette på, men vi har ikkje panikk. Framtida ligg der berre og ventar på oss.

Laget reiser til Eid komande søndag for ny bortekamp.


Lina frå heimekampen i vår
Foto:Eirik Thue



Skrive av: Geir Harkjerr (25.08.06 - 15:22)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487204 besøk, sidan 18. juli 2005