Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damene framleis på ferie




Foto:Eirik Thue

Måndag starta haustsesongen for damelaget, men det var truleg ikkje alle av spelarane som hadde fått med seg det.

Kaupanger 2 var motstandar på den nye kunstgrasbana på Kaupanger. Ei flott bane, ei ordinært og effektivt heimelag, og eit usedvanleg tamt bortelag kan ein vel oppsummera kampen med i korte trekk.

7 min tok det før det stod 1-0 til heimelaget, og til pause hadde Linn henta sju ballar ut av nettet. Kaupanger fortsette etter kvilen, og laga seks nye mål.

Gjennomgang av kampen og ei slags analyse trur trenaren ein skal ha bak lukka døra denne gongen. Det var rett rett og slett noko av svakaste som prestert nokon gong. Laget svikta totalt kollektivt med dårleg press på ballførar, håplause markeringar, eller rettare sagt forsøk på å markere, og eit duellspel som var nesten heilt fråverande.

Det er klart at når ein først har fått ein del baklengs, så kan det vere vanskeleg å halde moral og innsats oppe, men likevel...

Ein kamp vi snarast mogeleg berre må gløyme, for her var det ikkje mykje positivt å ta med seg.

To spelarar får godkjent. Heidi spelte ein kjempekamp på sentral midtbane. Kanskje ein av dei beste kampane hennar denne sesongen. Ho gjorde mykje bra, men vart sørgeleg aleine. I tillegg var debutanten Hanne (Sukkestad) god. Ho gjorde ein flott innsats på venstrebacken. Stor ros til Heidi og Hanne for at dei prøvde, og viste vilje til å gjere sitt beste. To spelarar kan diverre ikkje halde i gang eit heilt lag.I vår spelte laga 3-3 på Kreklingen.

For lite trening i sommar, slurving med eigentrening, fire spelarar på Sandane som ikkje var, og det at Kristina, Margrete og Livi har flytta kan vere moglege forklaringar, men det forklarer ikkje alt. Her må laget skjerpa seg. Hvis ikkje, vert dette ein lang og tung haust.

Heldigvis får ein ikkje så mykje tid til å dvele med denne kampen. Allereie onsdag reiser laget til Sandane for ny bortekamp.

(Mykje skryt til damespelarane før i år, så nokon trur kanskje at skribenten har stått opp med feil fot denne gongen...)



Skrive av: Geir Harkjerr (23.08.06 - 07:55)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487144 besøk, sidan 18. juli 2005