Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrending med sigersmålet i 3-2 tapet mot SIL3.


Balestrendingen Rein Arne Isane laga det siste og avgjerande målet for Sogndal 3 i like før slutt i den jamne kampen på Hafslo tysdag kveld. Den same Isane hadde ein gyllen sjanse til å lage endå eit mål då han satte ei staffe svakt til sides for Balestrandsmålet i 2.omgang.

SIL 3 – BIL, 3 – 2 (2-2), tysdag 15.08.06.
1-0 Sjølvmål(18.min.)
2-0 ? (19.min)
2-1 Odd Arild (25.min.)
2-2 Øyvind (37.min)
3-2 Rein Arne Isane(80.min.)


Balestrand I.L. (4-4-2)
Kjell Rune Sværen,
Hans Olav Bale, Lars Jonas Pedersen, Odd Arild Lunde, Anders R. Dale,
Christian Gjeraker, Arve Sjøtun, Øyvind M. Neset(kaptein), Senad Demirovic,
Arnstein Menes, Mohammed Taher Jano

Res:, Kenneth B. Rosengren og Dag Espen Johnstad.

Til denne kampen var ikkje av Eirik T, Eirik KG, Tommy, Espen og Olafur med av ulike årsaker. I tillegg har dessverre Kurt spelt sin siste kamp for BIL i denne omgang då han har reist attende til Oslo for å studere.

Heldigvis var Arve frisk etter sjukdom sist og Hans Olav meldte seg igjen til teneste. Med berre to mann på benken var det ein noko redusert tropp som tok turen til treningsfeltet som Sogndal Fotball har på Hafslo. Dette skulle vise seg å gjere utslag på slutten av kampen.


1. omgang
Kort oppsumert: BIL hadde full kontroll på kampen om ein ser vekk i frå to minutt om lag midtvegs i omgangen. Berre synd at SIL i den perioden fekk to mål servert av bortelaget. 1-0 var eit sjølvmål av Hans Olav etter eit innlegg frå høgresida til SIL. 2-0 kom minuttet etterpå etter meir rot i forsvaret .

Heldigvis klarte BIL å redusere ganske raskt på ein kårner der Odd Arild breisida ballen i SIL-målet. I denne perioden spelte BIL veldig bra, minst like bra som i sist kamp.2-2 kom etter kampens finaste angrep. Spelet vart vridd fint med passningar frå mann til mann og enda til slutt opp med Øyvind på høgresida. Han skaut ballen i mål via ein SIL 3 spelar, men Øyvind hevdar at ballen var ustoppeleg uansett!


2. omgang

I fyrste del av 2.omgang var BIL fortsatt det førande laget, men etter kvart vart BIL-laget meir og meir slitne og SIL 3 fekk betre tak på kampen. Det vart større og større strekk i laget og heimelaget fekk fleire gode overgangar.

Det var etter ein slik overgang at SIL fekk straffe. Heldigvis resulterte den ikkje i mål, men det var ikkje heilt uventa at SIL til slutt fekk det avgjerande målet 10 minutt før slutt. Målet kom etter eit frispark der x-BIL-spelaren Rein Arne Isane fekk stå aleine og styre ballen i mål med hovudet.
Etter 3-2 målet prøvde BIL å komme seg lengre opp på bana for å jakte ei utligning. Dette resulterte ikkje til stort anna enn eit par, tre farlege kontringar til det unge SIL 3-laget.


Konklusjon
Laget spelar til dels godt i periodar, men sviktar nok ein gong i avgjerande situasjonar framføre begge måla. Den ”tynne” benken vert og avgjerande når kreftene til ein del av spelarane tek slutt midtvegs i 2.omgang. Kennet og Dag Espen gjer det bra dei, men to stk på benken vert minst eit par stk for få i denne kampen.

På den posetive sida er det gledeleg å sjå at laget i dei gode periodane er flinke til å spele ball langs bakken og at dei får til fleire fine kombinasjonar.

 

Spelarbørs:

Kjell Rune(Keeper): 5
Står stort sett bra, men var noko passiv på dei to fyrste måla.

Hans Olav (høgreback): 5
Er flink til å plassere seg og spelar på rutinen. Vert avslørt på farten nokre gonger. Lagar sjølvmål, men kan ved det høvet dele skuld med fleire frå forsvaret.

Lars Jonas (midtstoppar): 7
Har stort sett full kontroll og virkar veldig sikker i det meste han gjer. Var ikkje heilt på nett, han heller, ved dei to fyrste måla til SIL 3 og lagar i tillegg eit straffespark.

Odd Arild (midtstoppar): 6
Vinn mange duellar og spelar solid. Samarbeider bra i lag med Lars Jonas. Skårar sikkert når han får ballen servert på foten etter kårner.

Anders (venstreback) 5
Har av og til problem med plasseringen og vert avslørt på fart ved nokre høver. Gult kort i 2.omgang.

Christian (høgre midtbane): 6
Får to store sjansar på 2-2 i 2.omgang. Står på til siste slutt og er den på midtbana som står ut kampen best.

Arve (sentral midtbane): 6
God med ballen og vinn mange duellar så lenge kreftene held. Er på rett veg og vert viktig framover.

Øyvind (sentral midtbane, kaptein): 6
Forsett den gode trenden frå sist kamp, men han og går tom for krefter. Lagar eit fint mål.

Senad (venstre midtbane): 5
Grei kamp. Jobbar bra, men har framleis for stor feilprosent på avleveringane sine. Sleit litt med ein skade.

Arnstein (spiss): 5
Held kanskje litt for lenge på ballen til tider og me har nok sett han på fleire løp enn i denne kampen. Gjer likevel ein grei kamp og skapar ein del med styrken sin.

Mohammed (spiss): 5
God i 1.omgang,men er ikkje kald nok når han får sjansen. Går sur i 2.omgang.

Kenneth (venstre midtbane): -
Står på og gjer ein grei innsats..

Dag Espen (høgre midtbane/spiss) 5
Får til eit par veldig gode innlegg og står på greit.

*Skalaen går frå 1 – 10.



Skrive av: Sveinung (21.08.06 - 23:55)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488621 besøk, sidan 18. juli 2005