Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sterk 2.omgang sikra 3 poeng for 6.divisjonslaget.




Foto:

Etter å ha gjennomført ein god fyrste omgang, der Aurland/Lærdal 2 var svært heldige som leia 1-0, spelte BIL endå betre i 2.omgang vann tilslutt fortent 3-2. Den etterlengta sigeren vart såleis ein reprise på 3-2 resultatet mot same lag frå bortekampen i vår.


BIL – Aurland/Lærdal 2, 3 – 2 (0-1), tysdag 08.08.06
1-0(4.min.)
1-1 Arnstein (59.min)
2-1 Kurt (63.min.)
2-2 (68.min)
3-2 Tor Inge (75.min.)

Balestrand I.L. (4-4-2):
Kjell Rune Sværen,
Tor Inge Fedje, Lars Jonas Pedersen, Odd Arild Lunde, Tommy Ese,
Christian Gjeraker, Kurt Ohma, Øyvind M. Neset(kaptein), Senad Demirovic,
Arnstein Menes, Mohammed Taher Jano

Res: Eirik Kvam Goksøyr, Anders R. Dale, Kenneth B. Rosengren og Espen Midtun.
Ikkje nytta res:Dag Espen Johnstad.


Ny kamp og nye forandringar på kven som var disponible til kamp. Nye frå sist kamp var Tommy, Odd Arild, Espen og Øyvind. Teddy var suspendert etter sine to gule kort mot Hafslo. Her skal det nemnast at han ikkje kunne spelt likevel pga at han er reist vekk på ferie.

Ting kan og tyde på at han har spelt sin siste kamp for sesongen, då han skal studere i Bergen og flyttar no i august. Synd, for han er ein spelar som har vore god å ha i laget, både på bana og utanfor. Forhåpentlegvis så har me ikkje sett det siste av Teddy i BIL drakta!

Olafur og Eirik T var og på ferie, men Hans Olav var reist vekk i samband med jobben sin. I tillegg måtte Arve melde forfall nokre timar før kampen pga sjukdom.


1. omgang
Sjølv om bortelaget tok leiinga etter berre 4. minutt var det ikkje tvil om at det var heimelaget som var best i denne omgangen. Sjansestatistikken 7 – 3 i favør BIL gir eit bilete på det. Dessverre stod ikkje effektiviteten i stil med spelet og BIL-spelarane måtte gå til pause utan mål.

Målet til A/L 2 kom etter at Tommy ikkje lykkast med å drible av to mann eit stykke oppe på venstre sida av bana utan å ha god nok sikring bak seg. Resultatet var at ein A/L 2 spelar fekk komme seg uhindra fram på sida og legge inn til ein lagkamerat som skåra sikkert. Ved dette høvet hang ikkje dei defensive spelarane heilt med og må dele ansvaret for målet med Tommy.

BIL spelarane kom seg raskt etter nedturen og dominerte spelet på bana. Forsvaret hadde veldig god kontroll og midtbana fungerte betre enn på lenge. Spissane var aktive og skapte mykje. At det ikkje vart mål kan nok i noko grad skuldas at ein var for lite bestemt framføre målet.


2. omgang
I pausen var alle einige om at det var berre til å forsette å spele slik ein hadde gjort så ville måla komme. Heldigvis skulle dette vise seg å vere rett. Samarbeidslaget frå Indre Sogn fekk kjørt seg. Dei kom likevel til 5 målsjansar, men BIL hadde minst 13 og mange av dei var kjempestore.

Målsjansane til bortelaget kom stort sett etter dødball. Dei hadde blant anna ein frispark som gjekk i tverrliggaren og dei laga målet sitt på den einaste corneren dei hadde i 2.omgang. Dette etter det som må karakteriserast som ein tabbe av Kjell Rune.

Det tok nesten eit kvarter og nokre store spolerte sjansar før dei blå endeleg klarte å få ballen i mål. Målet kom etter at eit høgt oppspel vart sett i mål av den utstrekte foten til Arnstein. Nokre minutt seinare fekk Kurt ballen ca midt på banehalvdelen til A/L 2. Han tok og smelte til ballen som fauk i krysset. Kjempeskåring!

Sju minutt seinare var det tid for ei ny kjempeskåring. Etter ein corner og litt fram og tilbake fekk Tor Inge ballen på høgresida og skaut hardt og velplassert til høgre for keeper. Dermed hadde BIL laga to mål av noko som knapt var målsjansar, men samtidig rota vekk ein haug med stor sjansar.

Det siste kvarteret produserte heimelaget fleire stor sjansar. Blant anna skaut Mohammed i stolpen. Christian og Kurt hadde og store moglegheiter til å avgjere kampen for godt, men ballen ville ikkje inn. Dermed var det spenning til siste fløytesignal. Heldigvis klarte det velspelande heimelaget å hindra at det vart altfor stort press mot seg og store målsjansar til A/L 2.



Konklusjon
Balestrand vinn veldig fortent. Spelemessig var dette årsbeste og absolutt alle gjorde ein veldig god innsats. Laget viste god moral når dei fekk eit tidleg baklengsmål imot seg, og stod på sjølv om uteljinga ikkje kom før etter ca ein times spel.

Formasjonane satt mykje betre i denne kampen enn i sist kamp. Det er tydeleg at 4-4-2 passar betre enn 3-5-2 for spelarane. Laget kan nok verte endå flinkare til å komme rundt på kantane, men det er veldig positivt at ein likevel produserer så mange sjansar. Med meir trening så betrar nok utteljinga seg.


Debutant
Ein av banas beste aktørar var dommaren, Marita Gudvangen frå Høyang IL. Ho debuterte på senior herre nivå. Det er det ikkje tvil om at ho er eit stort talent, noko som ho og viste i denne kampen. Ho viste at ho er bestemt og at ho i tillegg har god speleforståing.

Spelarbørs:
Kjell Rune(Keeper): 6
Sleit litt med ryggen, men er stort sett solid. Må ta på seg 3-2 målet på si kappe.

Tor Inge (høgreback): 7
Spelar veldig godt. Vinn dei fleste duellane og gjer ofte noko fornuftig med ballen. Er og med framover.. Flott mål!

Lars Jonas (midtstoppar): 8
Ny god kamp. Har stort sett full kontroll og viser vinnarvilje. Vinn mange duellar og går framføre som eit godt eksempel når han ofrar seg i duellane.

Odd Arild (midtstoppar): 6
Vinn mange duellar og spelar solid. Er sikker. Får seg ein smell og må ut tidleg i 2.omgang.

Tommy (venstreback) 6
Må ta på seg noko av ansvaret for det fyrste målet til A/L 2. Spelar godt og var rolegare med ballen enn ved tidlegare høver. Vinn mange duellar. Spelar ofte på kanten av det lovlege og kan selje seg for lett nokre gonger. Gult kort i 2.omgang pga mange frispark mot seg, heldig at han ikkje og fekk gult i 1.omgang for ei stygg takling. Spelar nesten heile 2.omgang som stoppar.

Christian (høgre midtbane): 7
Har tilført laget mykje løpskraft. Gjer ein god kamp og er noko heldigare med vala sine enn i sist kamp. Er allsidig og gjer ein god jobb over alt. Har ein stor sjanse på slutten av kampen som han bør sette.

Kurt (sentral midtbane): 8
Eig midtbana i lag med Øyvind. Vinn dei fleste duellane og er flink til å halde ballen langs bakken. Fleire gode pasningar som skapar gode sjansar. Skårar eit kjempemål. Kunne kanskje hatt eit par til. Vil bli sakna framover.

Øyvind (sentral midtbane, kaptein): 7
Årsbeste! Vinn som vanleg mange duellar. Er rolegare med ballen enn tidlegare i sesongen. Går tom på sluten av kampen.

Senad (venstre midtbane): 6
Grei kamp. Jobbar bra, men har framleis for stor feilprosent på avleveringane sine. Gjer sitt til at A/L 2 ikkje kjem seg fram på venstre sida.

Arnstein (spiss): 6
Skårar eit mål der han viser stor vilje. Er ein konstant trussel med fysikken sin og gjer ein god jobb som oppspelspunkt.

Mohammed (spiss): 6
Skapar enormt med sjansar, med sin fart og teknikk. Er stadig på løp og skapar store problem for forsvaret til A/L 2. Endar opp utan mål noko som eigentleg er ei gåte. Må verte rolegare og gjere det enklare framføre målet.

Anders (venstreback): 6
Gjer ein god innsats når han kjem inn. Ligg tett oppi motstandarane og vinn duellar. Gode avklaringar.

Eirik KG (høgremidtbane): -
Er positiv når han kjem inn. Truar offensivt med farten sin og jobbar bra bakover.

Espen (venstremidtbane): -
Gjer eit kjempe innhopp! Er god med ball og gjekk konstant på løp den tida han spelte. Synd han har slite med skade så langt i sesongen.

Kenneth (høgreback): -
Får eitt minutt på slutten av kampen når Tor Inge må ut pga krampe.

*Skalaen går frå 1 – 10.


Alle Foto: Torbjørn Fardal



Skrive av: Sveinung (14.08.06 - 18:39)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487475 besøk, sidan 18. juli 2005