Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Vre sponsorar


6.divisjon: Hafslo BIL, 4 0 (1-0), tysdag 01.08.06




Foto:jarle geithus

Fyrste kamp etter ferien for herrelaget til BIL enda med eit noko unødvendig stort tap mot eit heiltent heimelag frå Hafslo

Sidan før ferien har det vore nokre endringar i stallen. Inn i stallen har me fått Kurt Ohma og Christian Gjerdaker for dei to, tre fyrste kampane i haustsesongen og Lars Jonas Pedersen for resten av sesongen.

 

Ut pga jobb i Bergen har Roy Kenneth forsvunne,og så er Thomas J ferdig med skulen på Sygna og her flytta frå bygda. I tillegg så har Sondre, i alle fall mellombels, meldt overgang attende til Høyang.

 

I tillegg til dei tre overnemnte var Odd Arild, Øyvind og Olafur på ferie, Tommy suspendert og Anders skada.

 

 Balestrand I.L. (3-5-2)Kjell Rune Sværen, Tor Inge Fedje, Lars Jonas Pedersen, Theodor Kvikne, Christian Gjeraker, Kurt Ohma, Eirik Thue, Arve Sjøtun, Senad Demirovic, Arnstein Menes, Mohammed Taher Jano.

 Res: Eirik Kvam Goksøyr, Hans Olav Bale, Kenneth B. Rosengren og Dag Espen Johnstad. 

1. omgang: I det varme sommarveret  opna kampen ganske jamnt, kanskje med eit lite overtak til BIL. BIL skapte nokre farlegheitar med med ein to, tre langballar over forsvaret til Hafslo. Dessverre gav ikkje desse halvsjansane resultat og etter kvart kom Hafslo meir og meir inn i kampen.

 

Omtrent midvegs i omgangen vann heimelaget tre, fire duellar på rad med det som resultat at dei kom seg fri på høgrekanten og fekk til eit fint innlegg som vart sett i mål.  Resten av omgangen gjekk utan at nokon av laga produserte dei heilt store sjansane og det fine spelet.

2. omgang: Etter pausen dominerte BIL stort dei fyrste 10 minutta, men det resulterte berre i eit par, tre sjansar og dessverre ingen mål. I staden gjekk Hafslo opp i 2 – 0  på ein av sine fyrste sjansar etter pause. Etter dette virka det som om noko av piffen til BIL gjekk ut og heimelaget overtok meir og meir.

BIL fekk eit nytt slag i ansiktet omtrent midtvegs i omgangen når Teddy fekk sitt andre gule kort på kort tid og måtte gå av bana. Frå då av var det meir eit spørsmål om kor stort resultatet skulle bli i favør av Hafslo, enn kven som skulle vinne kampen.

 

3 – 0 kom etter ein retur på ei straffe som Kjell Rune redda flott. Straffa kom etter ein kontring der Lars Jonas etter litt fram og tilbake var så vidt borti ballen med handa og vart dømt for hands.

 

4 – 0 kom på ein ny kontring der BIL ikkje heng med. Her skal det nemnast at ved dette høve såg det ut som om kampens myndige og gode dommar, Torstein Kvam, oversåg ein klar offside.

Konklusjon:  Hafslo vinn tilslutt fortent, men 4 – 0 gjev ikkje eit rettferdig bilete av kampen. Dette var ein kamp som BIL med større vilje og betre presisjon i dei avgjerande situasjonane kunne vunne.

Det bør og nemnast at formasjonane ikkje fungerte optimalt. Det vart for stor strekk i laget og nokre av spelarane fann seg ikkje heilt til rette i 3-5-2 systemet.. Her har trenaren og laget ei utfordring som det må takast tak i til neste kamp. 

På den positive sida må det nemnast at nykommarane Lars Jonas og Kurt gjorde ein god kamp. I tillegg viste Christian at han også kan medverke positivt med sin arbeidskapasitet og løpskraft.

 

Spelarbørs:

 Kjell Rune(Keeper): 6    Står solid. Reddar straffe, dessverre til ingen nytte.. Viser nok ein gong at han er veldig viktig for laget.

Tor Inge (midtstoppar):        6         

Vinn ein del duellar og prøver å holde ballen i laget. Hindrar fleire sjansar for Hafslo med innsatsen sin. Plasserer seg ofte godt.

Lars Jonas (midtstoppar):    7         

Er sterk og sikker med ballen. Har gode avklaringar, men kan kanskje bli endå flinkare til å dirigerer forsvaret. Er innblanda i eit par mål utan at han skal ha for mykje ris for det. 

Teddy (midtstoppar):            5                     

Opnar veldig bra og spelar godt både offensivt og defensivt til han går tom for krefter på slutten av fyrste omgang. Andre omgang bør han gløyme snarast etter to kjappe gule for to mindre pene taklingar.

Christian (høgre midtbane): 5

Jobbar og står på som få andre. Blir ofte tvungen til å ta defensive løp, kan verte noko rolegare med ballen.

Kurt (sentral midtbane): 6   

Kjempar godt og er roleg med ballen. Går på fleire gode løp. Vinn mange duellar, men går tom på slutten i varmen.

Arve (sentral midtbane):      5

Kjem seg ikkje inn i kampen som me veit han kan, får det tungt, i lag med resten av dei på midten, når det i periodar vert spelt ein del langt. Skal ha ros for at han står på til tross for at han ikkje har dagen.

Eirik T (sentral midtbane, kaptein)  5

Sleit med den ein akillesen sin og det reduserte løpskrafta, men viser i glimt at han er viktig for laget. Må gi seg til pause.

Senad (venstre midtbane):   5

Vert, som Christian, tvungen til å jobbe mykje defensivt. Bør verte rolegare med ballen. Kjempar godt og gjer ein god innsats som stoppar i andre omgang.

Arnstein (spiss):        5                                            

Var aggressiv og stadig på løp det fyrste kvarteret. Er ikkje alltid like heldig i vala sine og burde nok fått meir ut av nokre av dei situasjonane han var innblanda i. Spelar og midtbane og forsvar i periodar av kampen og viser at han er veldig sterk og vanskeleg å ta i frå ballen.

Mohammed (spiss):   5Varierer veldig, frå å vere heilt passiv og vekke til å vere aggressiv og god. Har dei største sjansane, men hadde ikkje marginane på si side. Bør vise seg mykje meir fram enn det han gjorde. Me veit at han kan!

Eirik KG (ving): - Inn i andre omgang. Jobbar greitt, men må arbeide med kondisjonen for han går raskt tom.

Dag Espen (ving): - Inn i andre omgang. Jobbar greitt.

Kenneth (spiss): -Jobbar greitt, men misser ballen for lett.

Hans Olav (midtstoppar)      5 Spelar på det trygge og gjer som vanleg ingen stygge feil. Vert avslørt på farta nokre gonger.

   

NB! Skalaen går frå 1 – 10.



Foto:jarle geithus



Skrive av: Sveinung Alvrn (10.08.06 - 15:42)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488625 besk, sidan 18. juli 2005