Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Skadeverk utført på Kreklingen Stadion




Foto:

Torsdag 3. august vart det oppdaga at vandalar har vore på ferde på Kreklingen.


Inne i den eine innbytarbenken er veggen bak sparka / slegen ut slik at fjølene har løsna frå berebjelkane. I tillegg er ei av bossbøttene riven ned frå veggen, slik at fjøler har løysna og vorte øydelagde.

Ein oppmodar alle som har eit forhold til det flotte idrettsanlegget vårt om å vere med på å finne ut kven som har gjort desse øydeleggingane. Kreklingen Stadion er noko som mange har forhold til, og mange brukar timar kvar veke til ulik aktivitet. Då er det ikkje moro å sjå at nokon berre øydelegg.

Dersom nokon snappar opp noko på ryktebørsen, og/eller har sett noko, så ver snill å kontakte baneansvarleg Arne Abrahamsen i kommunen.

Og dersom du les dette, og har vore med på øydeleggingane, så ver så vaksen at du seier frå!


Veggen bak i eine innbyttarboksen er slegen ut
Foto:


Bossbøtte riven laus slik at veggen er øydelagt
Foto:



Skrive av: (04.08.06 - 15:53)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487217 besøk, sidan 18. juli 2005