Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Mali vann 5-2 i landskampen på Kreklingen



Nasjonalsongar
Foto:jarle

Om lag 150 tilskodarar fekk sjå ein flott fotballkamp på Kreklingen torsdag kveld. Nasra Abdullah oh Elise Thorsnes spelte for Balestrand.

For andre året på rad var det klart for landskamp mellom lag frå Malimog Balestrand på Kreklingen. I fjor vart resultat 1-9 favør gjestane.

Mali leie 2-0 etter ti minutt, og det såg ikkje bra ut med tanke på tal mål dersom det skulle halde fram. Elise vart sett inn som midtstoppar og då vart det mykje meir ro i forsvaret med ein gong.

Mali var det beste laget med fleire gode enkeltspelarar, men Balestrand heldt bra fylgje med god hjelp av landslagsspelarane som til dagleg spelar for Team Strømmen og Arna Bjørnar.

Mali gjekk opp til 3-0 før Nasra reduserte til 1-3 på eit flott soloraid etter framspel frå Elise. Det vart og pauseresultatet.

Sjølv om ein ikkje legg så stor vekt på ein slik kamp (skal vere mest for moro), var det tydeleg at trenaren til Mali ikkje var nøgd med resultatet.

Ein diskuterte litt med dei innleigde spelarane om kor mykje dei ville spele. Nasra sa at no var byrja å bli svett, og då vakna òg vinnarinnstinktet.

Nokre minutt ut i andre omgang la Balestrand om til 4-3-3, med Nasra, Elise og Mari på midten. Vi fekk eit bra trykk framover, og fleire gonger var det nesten. Mykje fram og tilbake i straffefeltet til Mali resulterte til slutt i eit nytt Balestrand mål. Denne gongen var det Ann Kristin som laga eit flott mål. Mali hadde like før auke leiinga, slik at det no stod 2-4.

Mot slutten fekk Mali sitt femte mål, og vann fortent 5-2. Likevel var det flott innsats av våre jenter. Balestrand hadde heile 22 spelarar som alle fekk spele. Det vart utfordrande både for trenarane Alf og Geir, og for jentene. Til slutt var alle nøgde, og alle var ei stor oppleving rikare.

Malilaget meinte det hadde vore eon flott kamp med god trening for dei no før Norway Cup brakar laus.


Flott spel av elegante fotballspelarar
Foto:jarle


Ikkje kvar dag ein trenar frå Balestrand har to landslagsspelarar på laget
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (30.07.06 - 21:15)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487213 besøk, sidan 18. juli 2005