Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ein vellukka og morosam første dag



Felles frukost
Foto:Geir Harkjerr

Måndag var ein flott dag på alle måtar. Veret var strålande, og mange venskapsband vart knytta.

Dagen starta med felles frukost på skulen. Klokka 1000 kom ordførar Erland Fagermoen og ønska våre vener frå Mali velkomne til Balestrand. Leiarar og spelarar fekk lysestakar og krus med kommunevåpenet på i gåve.

Ein synte så bilete på storskjerm med mimring frå i fjor sommar. Mange som trakk på smilebandet då.

Så gjekk vi alle ut til sola som venta på oss med varme strålar. Spelarane vart delt inn i fem ulike grupper som var miksa av småjenter, damer og Mali. Malilaget fekk ryggsekkar som Sparebanken Sogn og Fjordane har gjeve.

Etter det meir formelle, gjekk turen til Sjøthunsfjøra der ein fekk kjenne på badetemperaturen.

Lusj vart innteken på skulen klokka 1300, og etter det var det leik med ball på Kreklingen. Vidare synte jentene kvarandre ulike dansar som publikum får sjå i Holmen på torsdag.

Klokka 1800 var det middag i Myri med ei nydeleg gryte frå Kvikne Hotell. Kvelden vart avslutta med ei felles treningsøkt på Kreklingen frå 2030-2200. Etter oppvarminga blanda ein dei tre laga og spelte 2 x 20 minutt på full bane. Om lag 35 jenter var med på ei morosam trening.

Ein flott dag, og i morgon skjer det meir spanande for store og små!


Høgtidleg opning med ordførar Fagermoen
Foto:Geir Harkjerr


Middag i Myri
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (25.07.06 - 00:38)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487876 besøk, sidan 18. juli 2005