Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Malilaget er komen til Balestrand




Foto:Geir Harkjerr

Så er endeleg ventetida over. Etter 25 timar på reise, kom Malilaget til Balestrand søndag kveld.

Ingunn, Karita, Tonje, Vida, Kay Vidar og Geir møtte laget på Drasgvik og gjekk om bord i bussen. Ved ankomst skulen var både småjentelaget og damelaget på plass saman med ein del foreldre.

Gjensynsgleda var stor, og det var ikkje tvil om at det var nokon som kjende att kvarandre. Mat og sosialt samvær vart det fram til 0030. Då forlet vi skulen med ein trøtt og sliten gjeng som har vore på reise i over eit døgn.

Ein kan nesten ikkje vente til klokka vert 0900 mandag morgon og felles frukost står på programmet.


Frukt og brød smakte godt etter ei kang reise
Foto:Geir Harkjerr


Det var mange som kjende att kvarandre
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (24.07.06 - 00:49)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487181 besøk, sidan 18. juli 2005