Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Mali kjem til Balestrand




Foto:Geir Harkjerr

For dei som etterlyser informasjon, kan ein no informere om at nesten alt er klart til nytt besøk frå Afrika.

Det har vore ein dialog i lang tid mellom Noregs Fotballforbund (NFF) og Balestrand der ein har sett på moglegheitene for å vere vertslag for lag frå Mali i år og.

Anders Krystad i NFF var i Mali og melde attende at det største ønsket til jentene der, var å kome attende til Balestrand før Norway Cup no i sommar. Fotballforbundet i Mali og NFF ønska òg eit vidare samarbeid mellom Mali og Balestrand.

Det har vore mykje skryt til jentene (damelaget) som var med i fjor, og den innsatsen som foreldre og spelarar la ned, har gjeve resultat i at Mali kjem til Balestrand i veke 30 (23.-28. juli).

Småjentelaget skal i år på Norway Cup, og det var difor naturleg at dei vart vertslag for laget fra Afrika.

Det er laga ein oversikt over aktivitetar, mat, gruppeinndeling og mykje anna som ligg under Aktivitetar, Mali 2006. Sjå der for oppdateringar. I tillegg vert det laga reportasjar og lagt ut mykje stoff på heimesida framover.



Foto:Sveinung Alværen



Skrive av: Geir Harkjerr (21.07.06 - 09:57)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488726 besøk, sidan 18. juli 2005