Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


6.divisjon: BIL – Hafslo, 0 – 0, torsdag 15.06.06.


Etter det flaue stortapet to dagar i forvegen var det var det grunn til å frykte det verste då laget utan poengtap så langt kom på vitjing til Balestrand.


Etter kampen på tirsdag var Tommy og Mohammed utestengt og måtte stå over kampen. I tillegg var Teddy fortsatt skada. Sveinung valgte denne gongen å ikkje spele slik at han i staden kunne konsentrere seg om å leie laget frå sidelinja. Lurt valg skulle det vise seg…

Balestrand I.L. (3-5-2)

Kjell Rune Sværen

Roy Kennet Rendeda,,Odd Arild Lunde, Thomas Jørgensen

Sondre Skrede Olafur Nesse, Øyving Neset, Arve Sjøthun, Senad Demirovic

Arnstein Menes, Eirik Thue

Res: Eirik Kvam Goksøyr, Anders Roseth Dale og Dag Espen Johnstad.

1. omgang

Det var tydeleg alt frå avspark av at dette ikkje kom til å bli noko gjentaking av den pinlege forestillingen frå tirsdag i Veitastrond. Dei fleste gjekk i duellar som aldri før og særleg Roy Kennet, Thomas og Øyvind var flinke til å vinne desse duellane.

Spelemessig var det ikkje så mykje å skryte av, ikkje nokon av laga fekk til mange trekk før dei gav vekk ballen. Sjansemessig så enda omgangen ganske likt, men laga skapte ikkje meir enn tre, fire sjansar kvar.

2. omgang

Denne omgangen var ganske lik den fyrste. Lite spel og kombinasjonar langs bakken, tøffe tak og mange duellar. Bortelaget hadde eit par, tre feite sjansar til å skåre, men dei var heldigvis ikkje kalde nok når ballen skulle inn.

BIL hadde og høve til å skåre, særleg var den sjansen når Arnstein vart spelt åleine gjennom stor. Når kampen sin gode dommar, Torstein Egil Kvam, blåste for kampslutt var nok begge lag slik passe nøgd med poengdeling. Sjølv om kanskje Hafslo burde vunne på poeng om det hadde vore slik som i boksing….

Konklusjon

Laget var ikkje til å kjenne igjen frå den kampen som me ikkje vil snakke meir om. Trearen bak gjorde ein kjempejobb og spelte veldig godt mot dei raske spissane til Hafslo. Resten av laget kjempa og stod på, noko som heldigvis resulterte i eit poeng.

Elles så får me håpe på ein god haustsesong og at me etter kvart klarer å spele fotball med litt fleire trekk og kombinasjonar enn me har gjort til no i sesongen.

 

Spelarbørs:

Kjell Rune(Keeper): 6

6

Står solid. Held nullen for fyrste gong på lenge.

Thomas (midtstoppar): 7

7

Viser at han er sterk og rask. Vanskleg å komme forbi og spelar på det trygge i heile kampen. Vil bli sakna i haustsesongen.

Odd Arild (midtstoppar): 6

6

Har god kontroll etter kvart som han vart flinkare til å ta ut større avstand. Er roleg.

Roy Kennet (midtstoppar): 7

7

Er flink som "klegg", får vist duellstyrken og hurtigheiten sin. Hindrar fleire gode sjansar til Hafslo.

Sondre (høgre midtbane): 5

5

Jobbar og står på som vanleg. Får ikkje alltid den støtten han treng for å ikkje bli for defensiv.

Olafur (midtbane): 6

6

Kjempar som vanleg godt. Går på fleire gode løp..

Arve (sentral midtbane): 5

5

Kjempar og godt, men kjem ikkje heilt inn i kampen og vert nok prega av at spelet går mykje over midtbana.

Øyvind (midtbane, kaptein) 6

6

Viser at han er i bra fysisk form, igjen… Vinn mange duellar og gjer ein viktig jobb for laget med kjempinga si. Har fortsatt litt opp til toppnivået sitt når det gjeld ro med ballen og presise pasningar.

Senad (venstre midtbane): 5

5

Mykje det samme som Sondre, vert sliten i 2.omgang. Ut med skade på slutten.

Arnstein (spiss): 5

5

Jobbar og slit på, møter god motstand og får fortsatt for få ballar å jobbe med. Har ein stor sjanse. Går litt for mykje i offside.

Eirik T (spiss): 5

5

Grei omgang som spiss. Blir noko tungt når han ikkje får ballen i føtene. Spelar 2.omgang på midtbana, men der og vart det noko vanskleg når BIL ikkje var flinke til å spele ball. Jobbar bra.

Eirik KG (høgre midtbane): 5

5

Inn i andre omgang. Jobbar bra..

Dag Espen (spiss): 5

5

Inn i andre omgang. Jobbar bra..

Anders (venstre midtbane): 5

5

Inn i andre omgang. Jobbar bra..

 

 

NB! Skalaen går frå 1 – 10.



Skrive av: Sveinung Alværn (28.06.06 - 14:37)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487114 besøk, sidan 18. juli 2005