Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


6.divisjon: Veitastrond – BIL, 13 – 3.


Elendig innsats av BIL førte til stortap mot Veitastrond tirsdag 13.06.06.


Balestrand I.L. (4-4-2)

Kjell Rune Sværen

Sondre Skrede Thomas Jørgensen, Sveinung Alværn, Tommy Ese (kap)

Olafur Nesse, Arve Sjøthun, Øyvind Neset, Senad Demirovic

Arnstein Menes, Mohammed Thaher

Res: Anders Roseth Dale, Hans Olav Bale og Dag Espen Johnstad

1. omgang

BIL startar bra og førte kampen dei fyste 10, 15 minutta. Så får heimelaget eit noko billig straffe som dei nettar sikkert på. Etter dette lagar dei tre mål til før pause. I motsetnad til bortelaget så var Veitastrond effektive i denne omgangen.. BIL hadde blant anna to kjempe sjansar som burde ført til mål.

Elles fekk Tommy gult kort for å ha forstyrra, eller provosert som dommaren hevda, han som tok eit innkast for heimelaget. Synd at dommar ikkje kunne nøye seg med tilsnakk sidan dette kortet fekk konsekvensar i 2.omgang.

2. omgang

I dei ti fyrste minutta dominerte BIL kampen totalt. Det vart produserte fleire store sjansar og eit mål vart annulert, noko tvilsomt vil mange BIL spelarar hevda.

Heldigvis så fekk BIL litt utteljing når Mohammed skåra sikkert. Dessverre laga heimelaget 5 – 1 på sin fyrste sjanse etter pause. Etter dette gjekk nok mykje av piffen ut av BIL. Og etter at Tommy fekk sitt andre gule for dagen og vart utvist, datt laget fullstendig saman.

Måla berre rann inn og hadde det ikkje vore for at heimelaget bytta ein del så kunne nok resultatet vorte, om mogleg, endå verre. Det skal likevel nemnast at heimelaget fekk inn eit par sjernetreff som dei neppe får i kvar kamp.

Eit flott sjølvmål og ei ny skåring av Mohammed pynta litt på resultatet på slutten av kampen. Ifølge HOB-en holdt BIL 2 – 2 i dei siste minutta, tilfeldigvis dei minutta han spelte….

Konklusjon

Flaut, ikkje meir å seie om det.

 

Spelarbørs:

BIL sin beste: Oppmannen og Marina, dama til HOB, som gadd å reise for å sjå kampen.

Oppmannen og Marina, dama til HOB, som gadd å reise for å sjå kampen.

Resten av gjengen får karakteren 1 pga oppmøtet, sjølv om dei fleste ikkje var til stades under kampen….

 

NB! Skalaen går frå 1 – 10.



Skrive av: Sveinung Alværen (28.06.06 - 14:36)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487874 besøk, sidan 18. juli 2005