Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


GOD SOMMAR TIL ALLE FR?Ö DAMELAGET



Melon og anna frukt smakte godt etter grillmaten
Foto:Geir Harkjerr

Damelaget feira seg sjølve etter ein flott vårsesong, og tok samstundes avskjed med tre av spelarane.

Etter ein mager poengfangst, men mykje godt spel, fann ein det rett og rimeleg at ein måtte markera at vårsesongen var slutt. Staden var (nesten som vanleg) i Myri. Svein og Knut Steinar stod for grilling av flintsteiker, pølser, maiskolbar hamburgarar med meir. Til dessert var det melon og anna frukt. Nattmaten var popcorn, som sjølvsagt vart poppa ute.

Diserse leika vart det òg. Sjølv om jentene er blitt damelag, så er dei ikkje så vaksne at det ikkje kan leikast litt. Knut Steinar og Geir var òg med på til dømes "spark på boksen". Kjekt var det!

Vi tok òg avskjed med Kristina, Livi og Margrete. Dei er fedig på Sygna og reiser frå Balestrand. Alle tre vert sakna, men vi har "trua" dei med å hente dei attende til Førde Cup og KM innandørs.

Søstera til Livi, Hanne, skal byrje på Sygna til hausten. Geir har allereie sikra underskrifta til Hanne på overgangsskjema, og samstundes fått prata litt med ho.

Snittalderen på 16,7 år vil no verte enda lavare, siden dei tre eldste spelarane reiser, men damelaget ser lyst på framtida. No vert det tre veker "fellesferie" før oppkøyringa til haustsesongen byrjar. Ein håpar på fleire "signingar"  før overgangsvindauget stenger. Dersom det er nokon som les dette, og som kan tenkje seg å vere med damelaget til Balestrand, håper ein at de tek kontakt!

Balestrand Damelag ynskjer alle fans ein retteleg god sommar, og håpar at dykk finn vegen til Kreklingen på heimekampane våre til hausten òg.


Margrete i fint driv under stafetten
Foto:Geir Harkjerr


Mykje god grillmat i Myri
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (25.06.06 - 15:23)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487178 besøk, sidan 18. juli 2005