Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damene med tap mot Jølster




Foto:Geir Harkjerr

Damene til Balestrand leverte nok ein god kamp, men Jølster trakk det lengste stået og vann 3-1.


Siste vårkampen for damene vart spela på Kreklingen mot eit av topplaga i 3. divisjon, Jølster. Jølstringane synte seg å vere gode.

Balestrand satsa friskt og gjekk ut i ein 4-3-3 formasjon med fylgjande spelarar frå start:

Linn (keeper), Marte, Karita, Ann Kristin og Livi (forsvar), Ingunn, Kristina og Heidi (midtbane), Kamilla, Margrete og Sara (angrep).

Jølster opna kampen best, og etter 5 minutt spel vart Linn belønna med gult kort etter ei felling av ein Jølsterspiss. Heldigvis var Ann Kristin komen seg i sikring bak. Dersom ho ikkje hadde vore der, ville truleg Linn fått det raude kortet...

Jølster tok leiinga 0-1 etter 8 minutt. Eit høgt innlegg som Linn feilrekna. Ballen gjekk over ho, og det vart ein enkel jobb setje ballen i det opne målet.

Linn fekk "rista av seg" både det gule kortet og 0-1 målet, og synte fram fleire flotte redningar.

0-2 kom etter 22 minutt. Dårleg kommunikasjone mellom Karita og Ann Kristin, og dei lyt dele skulda for det målet.

Minuttet før pause reduserte Sara til 1-2 ette flotte kombinasjonar mellom Ingunn, Kristina og Heidi. Ingunn slo Sara gjennom, og ho fullførte løpet og sette ballen i mål på bakerste stolpe.

To mål som nok kjem i kategorien tabbar gjorde at bortelaget leia 1-2 ved halvspela kamp.

Ragnhild K kom inn for Livi på venstre back etter kvilen. Livi kom inn igjen, denne gongen for Kamilla i angrep 12 minutt ut i omgangen.

Kampen låg og vippa, men ein må vere ærleg og seie at det ikkje var heilt ufortent då Jølstringane la på til 1-3. Balestrand sitt forsvar kom seg ikkje ut. Ann Kristin tapte ein løpsduell, og ballen vart løfta over Linn som nok stod litt for langt ute.

Balestrand hadde òg sine sjansar, men som tidlegare slit laget i dei avgjerande augneblinkane med å få ballen i mål.

Damene jobba bra og innsatsen var nok ein gong upåklageleg. Av mange gode Baletrandsdamer, var Kristina og Margrete dei beste denne gongen.

Kristina, Margrete og Livi spelte sin siste kamp for Balestrand, i alle fall for denne gongen. Margrete og Livi er ferdig på Sygna, medan Krisitina skal gå siste året i Bergen. Vi kjem nok til å sakne alle tre, både som gode fotballspelarar og som gode vener. Vi ynskjer dei lukke til vidare!


Fleire tøffe duellar
Foto:Geir Harkjerr


Margrete, Livi og Kristina takkar for seg
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (25.06.06 - 15:08)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488657 besøk, sidan 18. juli 2005