Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegut 11 avslutta vårsesongen i fin stil




Foto:jarle

Kaupanger sine lillegutar var gjestar på Kreklingen torsdag 15. juni. Det var ein flott sommardag, og fine forhold for fotball. Kampen fekk også litt smak av sommar.

 


Balestrandgutane var leikne, og tok komandoen frå start. Laget klarte tidvis å kombinere fint, og etter få minutt sette Knut kontrollert inn 1-0. Det fine angrepsspelet fortsatte gjennom omgangen med variasjon mellom av gjennomspel, forseringar og langskot. Dette resulterte i 4 mål før pause. Kaupanger kom etterkvart inn i kampen og scora fortent eit par mål. Roger steppa inn som keeper då Tommy måtte køyre buss til kampen og ikkje kom før like etter avspark. Det gjorde han på ein overbevisande måte med fleire gode redningar.


I andreomgangen klarte Balestrand å tette godt igjen bakover. Kaupanger hadde eit par store sjansar, men anten kom Tommy, som var keeper denne omgangen, inn med resolutt inngripen, eller Roger med akrobatiske Kouako-blokkeringar. Framover løsna det etterkvart utover i omgangen. Balestrand rulla opp det eine fine angrepet etter det andre. Spesielt Birk fekk god uttelling i dag med fleire flotte fulltreffarar. Laget spelte bra i alle delar og vi kunne sjå fin framgang i samhandling mellom spelarane. Det er kjekt å sjå at laget byrjar å fungere som eit lag, og at alle gleder seg over kvarandre sine prestasjonar.


Kampen endte 8-2 til Balestrand. På sidelina var det møtt opp fleire foreldre og andre for å sjå og heie. Det er kjekt for ungane. No tek vi ein velfortent ferie etter ein vårsesong som har gått langt over alle forventningar. Trener vi like bra framover, og får samme framgang som vi har hatt denne våren, må vi minst komme til VM om 8 eller 12 år…

 

God sommar



Foto:jarle



Skrive av: arne a (17.06.06 - 17:47)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487123 besøk, sidan 18. juli 2005