Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Hornindal vart for sterke for damelaget




Foto:Geir Harkjerr

Søndag sette vi kursen mot Hornindal i relativt varme bilar. Temperaturen låg mellom 22-27 grader på heile turen

Balestrand starta med dette laget:

Linn (keeper), Marte, Karita, Ann Kristin, Livi (forsvar), Silje, Heidi, Ingunn, Sara (midtbane), Margrete og Lina (spissar).

Det var eit mykje meir tend og innsatsfylt lag som entra Hornindal Stadion søndag i høve til det vi viste fredag mot Sogndal.

Allereie etter 2 minutt vann Margrete ballen og sette fart. Skotet vart blokkert, men Ingunn var på hogget. Diverre small skotet i stanga og ut.

Etter 10 minutt var Margrete aleine gjennom. Ho hadde god tid, men traff med tåa, og skotet gjekk utanfor. Det kunne og burde ha vore 2-0 til Balestrand.

Hornindal hadde fleire eldre spelarar med mykje rutine, og det viste seg særleg nå det gjaldt bevegelse og mottak.

Linn fekk vist seg fram etter 18 minutt då ho slo eit skot i tverliggaren.

Etter 28 minutt kom Hornindal på ein overgang. Skotet gjekk i stanga, og returen vart sett i mål.

To minutt seinare måtte Linn gå ut med smerter i ryggen. I samråd med domaren fekk vi to minutt til å rokere om på laget, samt at begge lag fekk fylt på med drikke.

Heidi fekk oppgåva om å ta over keeperhanskane. Ho hadde ein kjempegod start på sentral midtbane, og det var difor synd at ho ikkje fekk fortsette der. Det var imidlertid ingen andre gode alternativ som keeper.

Lina vart flytt inn på sentral midtbane, Sara fram som spiss, og Livi vart flytt fram på venstre flanke. Ragnhild E. H kom inn venstre back.

Dei neste minutta vart hektiske for å prøve å finne igjen formasjonen, og omstilling til nye spelarposisjonar.

Karita måtte gå ut etter 37 minutt, nok ein gong med kneplager. Tonje kom inn som midtstoppar i staden for. Minuttet seinare fekk Hornindal straffe etter at Ingunn gav ein solid hoftesving. 0-2 var då eit faktum.

3 minutt før pause fekk Hornindal si tredje skåring. Eit framspel til ein Hornindalspelar som stod i offside, gjorde at Balestrand sitt forsvar stoppa opp. Dei var ikkje merksam på ein midtbanespelar som kom bakfra, og snappa ballen. Ho kom aleine med Heidi og sette ballen til side for ho og i mål. Rett at dommar ikkje bles, då Hornindalspelaren i offside gjorde teikn for at ho ikkje var med i spelet. Sløvt av forsvaret til Balestrand å ikkje sjå dei andre, sjølv om dei truleg var forstyrra av ho i offside.

Ragnhild K kom inn for Silje då andre omgang starta.

Heidi synte fram fleire gode redningar, og var særleg flink med beina, og ho kan ikkje lastast for nokon av måla.

12 minutt ut i omgangen vart det 0-4. Hornindal slo corner, og eit perfekt løp på bakerste stolpe gjorde sitt til at Hornindalspelaren nesten kunne springe ballen i mål. Litt svakt markeringsspel frå Balestrand si side.

Hornindal hadde dei fleste sjansane, og det var fortent at dei vann. Likevel var det mykje positivt å ta med seg vidare for Balestrand òg. Laget spelte store delar av kampen med spelarar som har hatt lite speletid tidlegare i år, men alle klarte seg veldig bra. Innsatsen var tilbake slik som den skal vere, og mange flotte kombinasjonar der laget syner at det er potensiale.

Hornindal fekk to mål til mot slutten, slik at det til slutt vart tap 0-6 for Balestrand. Trenarane for begge laga var einige i at dei to siste var offside, men det betydde ikkje så mykje i denne kampen.

Etter kampen, var det klart for bading i Hornindalsvatnet. Jentene sprudla, og tapet var gløymt. Trenaren meiner at jentene (damene) skal ho stor ros for at dei trening etter trening og kamp etter kamp møter opp og gir jernet. Det har synt seg at nivået er tøft i 3. divisjon, men Balestrand har vore med og vist fram mykje bra spel i alle kampane.

Etter knappe fire timar svett biltur heim i tillegg til ein halvtimes stopp på Essoen på Skei, kom vi heim 2330, etter nesten 12 timar på reise.

Damelaget har ein kamp igjen av vårsesongen før ei velfortent sommarpause. Det er komande fredag (16. juni) klokka 1900 heime mot Jølster.

Vi ynskjer Balestrendingane velkomne til denne kampen. Vi tek då òg avskjed med Kristina, Livi og Margrete som er ferdige på Sygna. Kom då vel!



Foto:Geir Harkjerr


Godt med eit bad i Hornindalsvatnet etter kampen
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (14.06.06 - 15:40)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488724 besøk, sidan 18. juli 2005