Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillgutt 11 kjempa godt ‚Äì men Bjørn trakk det lengste strået.




Foto:jarle

Torsdagen var det bortekamp i Gaupne. Gutane kjempa som vanleg godt, men då dommare bles av stod det 5-3 til Bjørn.


Etter ein lang køyretur og berre nokre minutt med oppvarming var kampen i gang. Vi fekk knapt samla saman utstyret på sidelina før Bjørn gjekk opp i 1-0. Nokre minutt  etter stod det 2-0. Bjørn var gode, medan vi ikkje var kome i gang i det heile. Utover i omgangen tok Balestrand sakte men sikkert over initiativet i kampen. Forsvarsrekka i hovudsak med Knut, Roger, Bjørnar og Birk (alt etter innbytte) fikk tetta igjen. Vi fekk også løfta laget høgare opp når vi hadde ballen, og kombinerte oss fram til fleire fine sjansar. I løpet av 10 minutt i siste del av første omgang scora vi 3 mål, og hadde snudd kampen!


Rett før pause utlikna Bjørn, og vi var like langt. Andre omgang vart jamn, intens og spanande. Med Yazzer, Fredrik Viljar og Markus i front skapte vi fleire gode sjansar utan att vi klarte å sette dei i mål. Viljar hadde mellom anna fleire flotte løp på høgrekanten der han var spelt fint gjennom. Keeperen til Bjørn var ved fleire høve både god og heldig. Bjørn hadde også nokre sjansar, og litt ut av ingenting fekk dei det viktige 4-3 målet. Gutane kjempa som løver, halta og sprang, men i staden for utliking vart det Bjørn som scora igjen ikkje lenge før kampen vart slutt. Og 5-3 vart det.


Vi takka fint for kampen store og små. Etter to minuttar skulle ein tru det var vi som hadde vunne kampen – om ein skulle dømme etter skrål og latter i gjengen. Vi ga alt og var nøgde med det!

 



Foto:jarle



Skrive av: arne (13.06.06 - 21:44)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487185 besøk, sidan 18. juli 2005