Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Nytt tap for damelaget




Foto:Eirik Thue

Fredag var Sogndal motstandar på Kvåle stadion. Eit rotete spel, og ein feig domar prega kampen.

Balestrand mønstra fylgjande lag frå start:

Linn(keeper), Marte, Karita, Ann Kristin, Livi (forsvar), Kamilla, Kristina, Ingunn, Sara (midtbane), Margrete og Silje (spissar).

Dei første tjue minutta par preg av at laga følte seg litt fram, og ingen av laga viste noko storspel. Avventande og passivt kan det oppsummerast med.

Sogndal fekk tildelt eit straffespark etter 111 minutt. Mykje folk inne i feltet, og ballen hoppa og spratt på ei ujamn bane. Ballen spratt opp i handa til Kamilla, men det var langt ifrå å vere noko straffespark.

Rettferdigheita sigra då Linn meisterleg redda med ei beinparade.

Sara var den som var friskast framover. Etter 14 minutt avslutta ho med eit godt skot like utanfor etter flott kombinasjonsspel mellom Kristina, Kamilla og Margrete. To minutt seinare hadde Sara eit godt raid på venstresida. Skotet vart blokkert, og returen tok keeper seg av.

Så kom kanskje den mest diskuterte situasjonen etter 24 minutt spel. Margrete vart nydeleg spela igjennom av Sara. Margrete kom aleine med keeper. Keeper kom ut og klipte ned Margrete så ho tok rundkast. I fylgje regelverket var dette eit klart raudt kort til Sogndal sin keeper. Domaren var feig og nøgde seg med å gje Balestrand frispark og ikkje noko meir. Kristina skaut eit dårleg frispark høgt over mål.

Etter 27 minutt vart Marte skada og erstatta med Heidi.

Minuttet før pause gjekk Sogndal opp til 2-0. Ein corner vart heada i mål.

Andre omgang vart spelt med tre i forsvar i forsøk på å få meir trykk framover. Ann Kristin var ankeret og Karita og Livi tok seg av sidene. Ragnhild K kom inn for Silje etter 4 minutt på høgre flanke. Etter 11 minutt måtte Karita gå ut med kneskade. Marte vart plastra saman og sett inn igjen.

Nok ein gong skapte Balestrand fleire nestesjansar. Fleire av spelarane sviktar i dei avgjerdande augneblikka. Hovudsakleg skuldast det dårlege mottak. I resten av banespelet sit pasningane bra, men det verkar som om eit eller anna skjer når laget nærmar seg mål. Førebels er dette eit mysterium for trenaren.

Balestrand var nok òg litt for upresis i dødballane. Corner og frispark hamna stort sett på feil adresse. Det vil seie frisparket – for vi fekk berre eit.

Ingunn forsøkte seg med eit elegant sakseskudd frå 25 meter, men fekk litt for lite kraft i skotet til at keeper fekk dei altfor store utfordringane.

7 minutt før full til skåra Sogndal sitt tredje mål for kvelden. Denne gongen på ein overgang der Balestrand stod høgt. Kampen enda 3-0 til heimelaget.

Damene frå Balestrand gjorde ein grei innsats, men fleire av spelarane var langt ”under pari” som det heiter. Balestrand sin beste spelar denne kampen var Livi (Liv Irene) på venstrebacken. Ho var god og tøff defensiv, og var òg flink til å vere med framover.

Kanskje var laget prega av taklinga av Margrete som skulle vore raudt kort. Damene meiner at same domaren har øydelagt for oss i fleire kampar. Trenaren kan seie seg einig i at ho (domaren) i alle høve har hatt stor innverknad både i denne kampen, og i heimekampen mot Førde tidlegare i år.

For dei som syns at det vert mykje klaging og syting på domar, så er det ikkje det som er meininga. Domarane gjer stort sett så godt dei kan, men det vert ganske frustrerande når klare og avgjerande situasjonar ikkje vert tekne slik dei skal.

For å roe dei som trur at vi er i ferd med å misse fokus, så kan trenaren opplyse om at trass ein mager poengfangst, så har det unge damelaget frå Balestrand vist mykje flott og ikkje minst godt spel denne våren. Vi ser på det som er bak resultatet, og der er det mykje bra!

 



Foto:Eirik Thue



Skrive av: Geir Harkjerr (13.06.06 - 16:38)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488663 besøk, sidan 18. juli 2005