Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


6.divisjon: Sogndal 3 – BIL, 3 – 1.




Foto:jarle geithus

Det vart tap for BIL, etter ein målrik 1.omgang, på treningsfeltet til SIL på Hafslo, mot eit sterkt Sogndal 3 – lag. På den varme ettermiddagen var det SIL 3 som var best i den omgangen alle måla kom.

Etter suksessen i Aurland stilte BIL med eit sterkt lag, der berre Øyvind mangla. Han klarte vist nok ikkje å rota seg på flyet i Oslo i tide. Optimismen før kampen var bra og laget lot seg ikkje distrahere alt for mykje at SIL 3 ikkje hadde klart å skaffe garderober til laget. For øvrig klarte Arnstein det som ikkje SIL 3 klarte, å skaffe garderobe.

Pga at Øyvind som tidlegare namnt ikkje var med vart det gjort ein forandring på laget. Roy Kenneth gjekk inn på plassen til Øyvind. Kaptein var denne gongen Tommy.

 

Balestrand I.L. (4-4-2)

Kjell Rune Sværen, Sondre Skrede Theodor Kvikne, Sveinung Alværn, Tommy Ese (kap), Mohammed Thaher, Roy Kennet Rendeda,,Odd Arild Lunde, Senad Demirovic, Arnstein Menes, Eirik Thue

Res: Thomas Jørgensen, Olafur Nesse, Arve Sjøthun, Tor Inge Fedje, Eirik Kvam Goksøyr, Anders Roseth Dale og Dag Espen Johnstad.

1. omgang

På den litt ugjemne og korte bana tok SIL 3 raskt føringen, og hadde ballen mykje. Når BIL hadde ballen vart det stort sett avklaringar utan adresesse, med det til resultat at BIL vart springande mykje og jage ball.

Det var likevel bortelaget som tok leiinga etter eit flott angrep. Senad fekk ballen på venstresida og sendte ei perfekt pasning til høgrekanten der Mohammed fossa forbi forsvaret og plaserte ballen sikkert i det lengste hjørnet. Flotte prestasjonar av begge to!

Etter dette skåra heimelaget tre gonger før pause. Ikkje direkte tabbar av forsvaret til BIL, men meir som eit resultat av at ein ikkje hang med i svingane.

Sjølv om heimelaget dominerte stort så var BIL farleg frampå eit par, tre gonger med Eirik T og Senad.

2. omgang

Med Eirik T og Arve sentralt klarte BIL å ta meir tak i kampen. Laget vart flinkare til å halde ballen i laget og fekk nokre gode sjaansar. Uheldigvis så gav desse ikkje utteljing. Likevel var dette ein god omgang av BIL der dei fekk vist litt av det som bur i laget.

SIL 3 var ikkje eit lett lag å spele mot. Dei gjorde minst ti bytter i kvar omgang, så spelat vart veldig oppstykka. I tillegg stilte dei med eit heilt anna lag enn dei hedde gjort tidlegare i sesongen. Ryktet sa at seks av spelarane var i stallen til 3.divisjonslaget til SIL.

Konklusjon

Laget gjorde ein heller dårleg 1.omgang, men 2.omgangen var noko av det betre laget har gjort. Det var eit godt lag BIL møtte, og med tanke på det så var det sterkt å komme attende slik laget gjorde i 2.omgang.

I tillegg så viste Thomas og Arve viste at dei burde ha starta kampen med sine gode innhopp. Med like godt spel som i andre omgang kan det bli poeng i kampane framover.

Spelarbørs:

Kjell Rune(Keeper): 5                                             

Spelte ein grei kamp. Kan ikkje lastat for måla.

Sondre (Høgreback): 5

Sperlar ok og gjer få defensive feil.                 

Tommy (venstreback, kaptein):            5                                

Ikkje like bra som sist. Likevel ein grei kamp.

Sveinung (midtstoppar):  -       

Spelar fyrste omgang.  

Theodor (midtstoppar):5                     

Er viktig for laget sjølv om han ikkje kom opp mot høgdene frå sist kamp. Må ut med skade i 2.omgang.

Mohammed (høgre midtbane): 5         

Laga reit fint mål. Greit elles.

Odd Arild (sentral midtbane):   5         

Var ikkje heilt på hugget, men det er heller ikkje lett å gjere noko med ballen når du heile tida får den feilvendt.

Roy Kennet (sentral midtbane):            5                     

Mykje det samme som Odd Arild. Fekk seg ein trøkk og vart bytta ut.

Senad (venstre midtbane):        5

Flott forarbeid til målet. Bør og skåre eit mål. Elles greit.

Arnstein (spiss):           5                                            

Jobbar og slit på, møter god motstand og får fortsatt for få ballar å jobbe med. Har ein stor sjanse.

Eirik T (spiss):   6

Er mannen bak dei fleste sjansane. Er med på å snu kampen i andre omgang med sine gode pasningar og gode teknikk..

Eirik KG (høgre midtbane): -  

Spelar for lite til å få karakter.

Olafur (høgre midtbane): 5      

Kjem inn i 2.omgang og jobbar og på, likevel ikkje på hugget slik som i sin fyrste kamp. 

Dag Espen (spiss): -

Spelar for lite til å få karakter.

Anders (Høgreback): 5

Gjer eit greit innhopp.

Arve (sentral midtbane):           6

Kjem inn i slutten av 1.omgang. Er flink med ballen og gjer sitt til at laget kjem inn i kampen igjen.  BIL treng ein Arve i god form og som er skadefri.

Thomas (midtstoppar): 6         

Spelar 2.omgang. Viser at han er sterk og rask. Vanskleg å komme forbi, sjølv for ein spiss som spelar i 3. divisjon.

Tor Inge (midtstoppar):       5

Gjer eit greit innhopp. Er ganske roleg med ballen.

 

 

NB! Skalaen går frå 1 – 10.



Foto:jarle geithus



Skrive av: Sveinung Alværn (13.06.06 - 09:44)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488619 besøk, sidan 18. juli 2005