Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


104 år - 3 mål! Aurland/Lærdal 2 - BIL 2-3




Foto:jarle geithus

6. divisjonslaget til BIL vann fortent 3 – 2 borte mot Aurland/Lærdal 2 på onsdag kveld.


Kampen var sterkt prega av ei særdeles ujamn bane og vind, noko som gjorde sitt til at finspelet var vanskeleg å få auge på. Heldigvis hindra dette ikkje dei uforskamma spreke veteranane, Senad (40), Eirik Thue (34) og Arnstein (30), i å skåre kvart sitt mål.

Etter ein særdeles skuffande seriepremiere mot Veitastrond for ca ein månad attende i tid var det eit spent Balestrandslag som stilte opp til sin andre seriekamp. Ein månad er som kjent  lang tid i fotball, og på den tida har BIL hatt to spelaravgangar, Marius og Henning.

Utanom dei to nemnte spelarar var ikkje Olafur, Kenneth, Tor Inge og Arve med denne gongen av ulike årsaker. Med ein tropp på 15 spelarar så stilte BIL slik til start:


Balestrand I.L. (4-4-2)
Kjell Rune Sværen
Sondre Skrede, Theodor Kvikne, Sveinung Alværn, Tommy Ese,
Mohammed Thaher, Øyvind Neset (kap),Odd Arild Lunde, Senad Demirovic
Arnstein Menes, Eirik Thue

Res: Eirik Kvam Goksøyr, Roy Kennet Rendedal, Anders Roseth Dale og Dag Espen Johnstad.

1.omgang
Det låg i korta frå fyrste augnekast på bana at dette ville bli ein kamp der det ville verte vanskeleg å spele ball langs bakken. Og for å sagt det med ein gong; kampen var ikkje prega av mykje ballbesittelse, så det så fint heiter. Her var det lange, høge ballar og duellar som gjaldt.

I store delar av fyrste omgang hadde BIL motvind, noko som gjorde at laget vart noko baktungt og det vart til tider stor strekk i laget. Når det er sagt så hadde laget bra kontroll defensivt med eit forsvar som spelte bra og resten av laget var flinke til å presse ballførar.

Offensivt hadde BIL nokre gode dødballar og var farleg frampå på nokre kontringar. Det var nettopp etter ein kontring at Senad kjempa ballen inn etter ca 10 min. spel. Her stod det faktisk opp til fleire BIL spelarar i kø for å få ballen i mål.

Like etter målet fekk heimelaget ein stor sjanse til å utlikne. Heldigvis var Kjell Rune litt meir vaken enn forsvaret framføre han ved dette høvet og klarte med ein kjemperedning å slå ballen i stolpen før han fekk ballen i sitt sikre grep.

Etter dette hadde A/L 2 ballen ein del utan å skape nok særleg. BIL var stadig farleg på kontringane sin, særleg var Senad frisk på venstresida. Ein av dei gode kontringane førte til kårneren som Eirik laga 2 – 0 på ca 10 min før pause.

Ved det høvet la Tommy flott inn med venstrefoten sin, ballen for forbi opp til fleire spelarar før Eirik med eit perfekt støyt stanga ballen inn i nettet. Etter 2 – 0 mista BIL litt taket på kampen og vart pressa bakover, men heldigvis utan at heimelaget skapte noko særleg ut av presset sitt. Dermed gjekk effektive BIL til pause med ei 2 – 0 leiing.


2.omgang
Med vinden i ryggen snudde kampebilete seg heilt. BIL pressa heimelaget bakover og i motsetning til heimelaget produserte BIL sjansar i fleng. Eirik , Mohammed, Senad, Odd Arild og Arnstein burde alle skåra mål før det var gått ti minutt av omgangen.

Dessverre ville ballen ikkje inn og bortelaget klarte ikkje å få den avgjerande 3 – 0 skåringa som dei  hadde fortent på det dåverande tidspunktet. Etter kvart så snudde vinden seg og dermed endra kampen karakter igjen.

A/L 2 kom meir inn i kampen og BIL vart pressa attende. Roen som hadde prega forsvaret vart erstatta av tidvis panikk. Ting vart heller ikkje betre av at trenaren valde å endre på forsvaret i akkurat denne perioden.

Etter ca 75 minutt så kom reduseringa etter noko nølande spel av Senad og Kjell Rune. 2 – 2 kom like etterpå. Teddy gjekk ned for å takle og alle var sikre på at då var den sjansen avverja. Men den gang ei, ballen traff ei av dei mange tuene og spratt elegant over foten til Teddy. I tillegg fekk den ein slik sprett at A/L 2 spelaren traff ballen med ein perfekt sleiv med resultat at ballen fauk inn i nettaket over Kjell Rune.

No såg det mørkt ut for BIL, skulle den lange turen til fagre Aurland enda med null poeng etter å tatt leiinga 2 – 0? Det er i desse stundene det er godt å ha ein ringrev som har vore ute ein vinterdag før. Og det er her sjølvsagt snakk om Menes sin store son, Arnstein.

Arnstein hadde fått seg ein liten pause på sidelinja og kom inn og avgjorde kampen. Fem minutt før slutt fekk han ballen etter eit dårleg femmeterutspark og dribla seg forbi spelaren som tok det før han iskaldt lobba ballen over den gode målvakta til Aurland/Lærdal 2. Herleg!

Etter dette såg det ut som om heimelaget fekk seg ein knekk og det kunne fort ha blitt 4 – 2 ved Dag Espen. Med litt meir rutine og med ei betre bane hadde nok debutanten skåra. Dette vart den einaste skikkelege målsjansen i dei siste minutta og BIL kunne ta med seg tre fortente poeng heim.

Konklusjon
Her trengst det skjerping fram mot neste kamp, skreiv underteikna etter sist kamp. Det er gledeleg å kunne konstatere at heile laget var skjerpa. Innsatsen  til laget var imponerande og det gjorde utruleg godt for moralen å vinne denne kampen.

Det er kjekt å kunne konstatere at laget vann kampen på akkurat dei tinga som dei tapte kampen på mot Veitastrond, nemleg innsats og kjemping. Finspelet får heller komme når baneforholda tilseier det. Ekstra gledeleg var det at absolutt alle som var med bidrog til sigeren. Dette var ein skikkeleg lagsiger!
Spelarbørs:
Kjell Rune (Keeper): 6                                           
Stod ein god kamp, men kan kanskje ta eit av måla? Var fint ute og tok ballen ved fleire høver. Han var og ein del flinkare til å snakke enn i sist kamp. Minst ei klasseredning.

Sondre (Høgreback): 6

Klarer seg bra. Er roleg i mange situasjonar og går bra i kroppen på motstandarane. Er til tider noko upresis. 

           
Tommy (venstreback): 7                        

Tar kommandoen frå start, viser at han er sjef og går i duellar med dødsforakt. Vinn dei fleste av dei og får opp gløden i laget. Gode dødballar. Spelar på små marginar og bomme eit par gonger. Stor kamp!


Sveinung (midtstoppar):  -  open for forslag…            

Spelar greitt, er i alle fall ikkje innblanda i måla  til Aurland/Lærdal 2…


Theodor (midtstoppar):7                     

Viser og at han vil vere sjef. Var veldig flink til å snakke og vinn nesten alle duellar. Er den fødde forsvararen, ikkje mange som kjem seg vekk frå saksa til unge Her Kvikne!


Mohammed (høgre midtbane): 6         

Overraska stort med god jobbing bakover, spelar enkelt og kjempar godt. Kjem meir til sin rett i medvinden i 2. omgang og når han får spele spiss på slutten av 2.omgang. Bør nok sette ein av sjansane sine.


Odd Arild (sentral midtbane):   6         

Legg ned ein god innsats som fyrsteforsvarar. Vanskeleg kamp der lite av spelet går via midtbana, men gjer ein viktig jobb for laget. Er roleg med ballen og prøver å vere konstruktiv.


Øyvind (sentral midtbane, kaptein):      6                     

Jobbar og slit som ein helt og vinn mange duellar. Er ikkje heilt venn med ballen og slit litt med avklaringane. Er viktig for laget og gjer ein god jobb som kaptein


Senad (venstre midtbane):        6

Var nesten eit lite angrep i seg sjølv i 1.omgang. Er veldig flink til å ”time” løpa sine og arbeider godt heile kampen. Skårar mål der han er fyrst på ein retur, bør truleg skåre eit mål til. Vert flytta ned som back midt i 2.omgang og er innblanda i eit baklengsmål. Klart best som ving.


Arnstein (spiss):           6                                            

Blir ikkje brukt som oppspelspunkt, då han nesten aldri får ballen i føtene. Jobbar godt og får lønn for strevet med det avgjerande målet. Hadde nok sjansar til to mål.


Eirik T (spiss):   6
Mykje det samme som Arnstein.. Får lønn for strevet i form av eit mål, men bør skåre minst eit mål til.

Roy Kenneth (midtbane):         6                     

Spelar fyrst venstre ving og avsluttar sentralt på midtbana. Jobbar godt og er flink i presset på ballførar.


Eirik KG (høgre midtbane): 6  

Klarer seg godt og jobbar bra. Er rask og skapar litt problem med farten sin.


Dag Espen (høgre midtbane):

Spelar for lite til å få karakter. Får ein kjempesjanse p.g.a. av farten sin. 6. div sin raskaste spelar?


Anders (Høgreback): 6
Gjer eit godt innhopp. Er fyrst på ballen og vinn duellar.

NB! Skalaen går frå 1 – 10.

(Sjølv om det kanskje var noko som trudde den gjekk til 100 etter kampen mot Veitastrond.)



Foto:jarle geithus



Skrive av: (04.06.06 - 13:12)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487208 besøk, sidan 18. juli 2005