Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Miniputturnering på Kreklingen på søndag



Arkivfoto
Foto:

Det er klart for fest og årets største idrettsarrangement på Kreklingen stadion søndag 28. mai.



 

Nå fløyta for avspark går reknar ein med at det er mellom 500 – 600 personar på stadion. Nær 250 av desse er håpefulle gutar og jenter  i alderen 7 til 10 år med fotballdrakt og forventningar om ein fin dag.

Når 40 lag frå Balestrand, Høyanger, Kyrkjebø, Vadheim og Vik møtast på Kreklingen stadion går det største idrettsarrangementet av staben – og utvilsom eit av dei hyggelegaste. Balestrand stiller med heile 10 lag så det er ein stor del av ungane i aldersgruppa her i kommunen som er i aksjon denne dagen.

På turneringa vil vi i samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets fokusere ekstra på Fair Play. Det vil mellom anna bli delt ut grønne kort med foreldrevettreglane.

På denne turneringa vil vi også legge opp til sal av frukt. Også dette er eit samarbeid med Fotballkretsen for å få eit sunnare kosthald for både store og små som driv innan fotballen.

Vi vil oppmode foreldre, besteforeldre, søsken og elles alle som synast det er kjekkt å oppleve glade ungar, treffe folk, ta seg ein kopp kaffi, litt grillmat og frukt til å ta turen oppom.

Velkomne !

PS!      Dei som kan la bilen stå heime bør gjere det. Det er vanlegvis vanskeleg å parkere denne dagen, og denne gongen vert det ekstra trongt då Sygna har sitt 25-årsjubileum i Belehalli denne helga (også sundag).


Arkivfoto
Foto:


Arkivfoto
Foto:



Skrive av: Arne Abrahamsen (26.05.06 - 16:08)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487177 besøk, sidan 18. juli 2005