Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Straffebom og nok eit tap for damene




Foto:Geir Harkjerr

Nok ein gong var ikkje marginane på Balestrand si side. Med bom på straffespark og ei heller tvilsam offsideskåring imot, vart det tap 0-1 mot Førde.


Førde kom til Kreklingen med full poengskår etter tre kampar, og det viste seg at Førdianarane var gode.

Nok ein gong var det godt organisert forsvarsspel og ein særs god Linn i mål som skal ha hovudæra for at det ikkje vart meir enn eit baklengs.

Framover sviktar det i avslutningssituasjonane. Balestrand viste til tider fram spel av høg klasse, men berre tre avslutningar mot mål i første omgang, og to i andre, seier litt om at laget slit litt offensivt.

Dei siste treningane har ein terpa mykje på avslutningar slik at ein skal verte endå meir trygg. Førebels har ein diverre ikkje fått full uteljing i kamp. Ein gledar seg til den dagen då det endeleg løyser seg, og spelarane får til det siste som manglar.

Førde gjekk ut i eit forykande tempo første 15 minutta. Godt forsvarsspel av backfiraren med Marte, Ann Kristin, Karita og Liv Irene gjorde at Førde ikkje fekk så store målsjansar. Det som forsvaret ikkje tok seg av, kasta Linn seg over.

Midtbana med Ingunn og Kristina sentralt, Kamilla og Sara på side fungerte nesten prikkfritt. Kristina og Ingunn legg ned ein imponerande innsats, og særleg defensivt var det høgt nivå over det dei viste.

Margrete og Lina spelte spissar. Mykje bra av dei òg, men litt for mange slurvete mottak hindra dei store målsjansane. Arbeidsinnsatsen og moralen var det ikkje noko å seie på.

Det vart mykje spel fram og tilbake både gjennom og over midtbana. Ein periode midtvegs i første omgang, hadde Balestrand ballen og spelet nesten i ti samanhengande minuttar. To målsjansar vart resultatet. Mykje godt spel som imponerte både trenar og publikum, men målet ville liksom ikkje kome.

Førde kom inn att i kampen, og trykte bra på mot slutten. Etter 36 minutt, etter eit langt Førdeangrep stod det 0-1. Tre spelarar frå Førde stod i offside då pasninga vart slegen gjennom. Domaren bles ikkje, og Linn klarte ikkje å redde aleine med dei tre Førdianarane.

Like før pause kom blodet til syne på Kreklingen. Uredd som ho er, slengte Linn seg inn i føtene på ein Førdespelar. Linn fekk ein smell nasa. Knut Steinar ”ofra” gensaren sin som tørkefille, og Linn var klar til innsats att. Laga gjekk til pause med leiing til bortelaget.

I andre omgang var Førde på hogget att frå start. Ei halvskadd Ann Kristin rydda opp i stor stil saman med dei andre.

Karita, som den siste veka har vore i Spania, måtte gje seg med krampe etter 10 minutt av omgangen. Heidi kom inn og gjorde ein framifrå innsats. Karita fekk god hjelp av fysoterapeut Tove, og var klar til ny innsats 13 minutt før slutt. Då var det Ann Kristin som måtte gje seg med smerte i låret etter at nokre knottar frå ein Førdespelar hadde vore på besøk.

16 minutt før full tid fekk Balestrand straffe etter at ein Førdespelar brukte handa inne i feltet. Kristina var den som gjekk fram for å sette inn utlikninga. Ein kan vel seie at straffesparket ikkje var teke særleg bra. Ballen fauk høgt over tverrliggaren. (Trenaren tek nesten all skuld her. Laget har trent på straffespark dei siste treningane, men Kristina har ikkje vore med. Når trenaren då klarer å plukke ut den spelaren som ikkje har trent på straffer, så.....)

Begge lag hadde spel og nokre sjansar mot slutten, kampen enda med siger 0-1 til Førde.

Balestrand kan nok ein gong vere stolt av den innsatsen dei legg ned. Alle saman hadde ”ein god dag på jobben”. Sjølv om alle var gode, vel ein gje prisen for dagens BIL-spelar til Marte.

 



Foto:Geir Harkjerr



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (25.05.06 - 14:12)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487150 besøk, sidan 18. juli 2005