Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegutar med humør og ståpåvilje




Foto:jarle

Dei yngste lillegutane smiler og kosar seg. Når dei i tillegg spring som Duracell kaninar på bana, vert det resultat som langt overgår forventningane – i alle fall dei trenarteamet sette seg før sesongstart. Torsdag var det bortekamp mot Syril 1 på Leikanger

Vi svinger ut frå Holmen, og det regnar. Bilen er full av ungar og praten går livleg og høglytt. Er litt tummelumsk etter å ha komprimert alle gjermål etter jobb; henting i barnehage, middag, pakking av draktar, ballar, førstehjelp.. Alt er med ferjekortet og. Skal eg hysje på dei? ”Kan du ikkje setje på musikk” høyrer eg frå baki der. Det og – om det ikkje var lyd nok. Rotar fram ein CD som både eg og dei kan leve med. Så skrur vi opp, musikk med rytme og trøkk, og vi rockar rundt Esefjorden. Vi skal på kamp. Det regnar og det bryr oss ikkje.


På Syril stadion er det sur vind, men Bjørg har med kaffi og vi har det ikkje så verst. Ungane har varma opp og står oppstilte på midten. Alle hilsar på kvarandre som i ein vanleg eliteseriekamp. Ei flott handling for å fremme Fairplay. Så er vi i gang, og vi ser raskt at her er det to jamne lag. Vi slit litt med plasseringane og passningane. Nokre meiner det er litt humpete for finspel!


Det er sjansar til begge lag, men Syril får eit lite overtak og går opp i 1-0. Balestrand svarar midlertid umiddelbart. Men Syril pressar på og utnytter eit litt framtungt Balestrand, og 5 min før pause står det 4-2 til Syril. Markus hoppar av iver på sidelina, ”Eg vil inn å score mål”, er meldinga trenaren får. Markus kjem inn og på første spark susar ballen ned i hjørnet. Så kjem dages lille perle. Yazzer snik seg inn bak forsvaret til Syril. Den lange høge ballen vert dempa silkemjukt, og ballen vert lobba elegant over ein utrusande målmann. Denne detaljen varma fleire enn trenaren denne litt sure maikvelden! 4-4 til pause, og vi er like langt.

I pausa prøver vi å justere litt på forsvaret. Det ser ut til å hjelpe. I 2. omgang bølgjer spelet fram og tilbake og marginane er ofte små. Men innsatsen og kampmoralen er stor. Dei spring, klarerar, sentrar og skyt. Tommy hentar fram ei kjemperedning i denne kampen også, og Knut klarerer returen framom føtene til ein Syril angripar. Framover får vi etterkvart mange gode tilbod, men ein umogeleg Syrilmålvakt stoppar det meste. Men to gonger må også han gje tapt. Når dommaren bles for av kampen har Balestrand scora desse to måla til, medan Syril ikkje klarte å finne vegen til nettmaskene i 2. omgang. Med 6-4 i bagasjen er det ein sliten gjeng frå Balestrand som takkar for kampen. Syrillaget er godt nøgde dei og. Det var ein fin og spanande kamp, slik ein fotallkamp bør vere.

 

Turen heimover går lett. Energien kjem fort att, og snart er bilen fylt av latter og prat. Det regnar når vi svinger inn i Holmen, - og vi har hatt ein fin kveld.



Skrive av: arne a (20.05.06 - 19:31)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488723 besøk, sidan 18. juli 2005