Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damene imponerte og heldt serieleiaren til 3-3




Foto:Geir Harkjerr

Damelaget imponerte då serieleiar Kaupanger 2 var på besøk. Etter å ha leia 2-0 til pause, enda det 3-3 til slutt.

Spelarene på damelaget sluttar ikkje å imponere. Ein var nøktern optimist før kampen, då både Karita, Lina, Kamilla og Ragnhild EH ikkje var med. Dette såg ikkje ut til spela noko rolle. 38 sekund var spela då Sara slo nydeleg gjennom til Barbro. Barbro sette ballen i mål aleine med keeper, og heimelaget leda 1-0 før kampen nesten var i gang.

Sara auka til 2-0 etter 27 min etter godt spel i etablert angrep. Det var tydeleg at damene no var klare for sesongens første poeng. Til tider spela laget særs godt, og alle gjorde ein framifrå innsats. Linn hadde nok ein gong ein god kamp mellom stengene. Ho hadde fleire flotte redningar i første omgang, og særleg 18 minutt ut kampen viste ho stor klasse med ei utruleg beinparade.

Laga gjekk til pause med 2-0 til Balestrand, noko Kaupanger sine trenarar tydleg gav uttrykk for at dei ikkje likte.

Etter pause var Kaupanger det beste laget frå start. 2 minutt var spela då reduseringa kom. Linn kunne nok ha teke ballen dersom ho hadde vore litt meir vaken. Ho avverga mange liknande situasjonar resten av kampen. Kaupanger kom aleine gjennom, men fekk ballen litt for langt føre seg. Spissen nådd fram til ballen før Linn.

Utlikninga til 2-2 kom berre 8 minutt seinare. Eit gjennomspel som alle utanom domaren såg var ein klar offside. Til og med Kaupangertrenarane sa at dei var heldige.

Balestrand sleit med å koma skikkeleg inn i kampen, og vart pressa bakover. 2-3 kom etter 17 minutt etter eit godt angrep frå Kaupanger. 4 minutt seinare fekk Kaupanger straffe etter hands. Straffa vart sett utanfor.

Då straffebommen kom, verka det som om Balestrand fekk såkalla "blod på tann". Damene vakna og det var særs så spanande resten av kampen. Ingunn utlikna til 3-3 22 minutt før full tid. Derifrå og ut stod kampen og vippa (eit artig uttrykk i grunn...). Begge laga hadde gode målsjansar, men to gode keeperar hindra fleire mål.

Sara hadde eit kjemperaid 12 minutt før slutt, der ho sprang frå alt som heitte Kaupangerspelarar. Ho avslutta med å skyte i stanga.

Det heile enda 3-3, noko som eigentleg er ein stor prestasjon av det unge Balestrandslaget. Kaupanger var serieleiar før kampen på Kreklingen, medan Balestrand låg sist utan poeng. No er sesongens første poeng på plass i ein kamp ein eigentleg ikkje hadde trudd på poeng. Det syner at at fotballen er rund, og at alt er mogeleg.

Neste kamp er heime på kreklingen mot Førde. Førde har full pott etter tre kampar, og ein ny tøff kamp ventar for Balestrand. Ein håpar på stort publikumsoppmøte komande fredag klokka 1900!

Linn held fram og vise at Balestrand ikkje treng å vere redd for å få eit keeperproblem. 14-åringen har fleire redningar av svært høg klasse. Ho er uredd i nesten alle situasjonar, og er med på å gje laget ei god defensiv tryggheit.

Ann Kristin og Heidi spelte midtstopparar, og dei gjorde begge ein impnerande jobb. Ann Kristin var til tider heilt sjef, og styrde forsvarer og resten av laget med ei solid hand som kaptein. Heidi vann hovudduellar og avklara ut frå læreboka.

Marte hadde ein ny flott kamp på høgrebacken. God plassering og taktisk smarte løysingar kompenserar for litt utfordringar med tempoet. På motsett back viste Liv Irene (Livi) at ho held eit høgt nivå. Gode avklaringar, stort tempo, og særs god offensiv.

Ingunn og Kristina var trekt ned til sentral midtbane, og dette gjorde at Balestrand til tider hadde god kontroll der. Begge er sterke og kreative, og dei spelte særs godt saman. Kristina viser at ho har spela på høgt nivå tidlegare, og gjer mykje bra. Ingunn bruker styrke og set seg i stor respekt hos motstandaren. Ein kjempekamp av begge to. Ingunn lagar eit nydeleg mål.

Silje spelar høgre midtbane den første halvtimen før ho må ut med skade. Ho har fleire gode løp, og tør å prøve på ting som ho ikkje torde før. Meget bra opptreden. Ingvill kjem inn for Silje og fortsett i same stil. Manglar litt tempo, men gjev seg ikkje, noko som fører til at ho gong på gong kjem på rett plass når Kaupanger slit med å koma seg gjennom forsvaret.

Sara spelar venstre midtbane, og gjer eit kjempegod jobb der. Ho er særs god i den defensive delen, men er òg flink til å koma seg raskt opp når vi vinn ballen. Lagar eit flott mål etter mykje stang ut tidlegare i år.

Barbro og Margrete utgjer spissparet. Dei samarbeidar bra, og tek òg dei nødvendige løpa tilbake for å vere med i gjenvinningsfasane. Flotte kombinasjonar med dei andre framover, og dei gjer mange rette val. Barbro lagar eit flott mål. Margrete har fleire gode dribleseriar, der ho nesten kjem til avslutning.

Ragnhild K kjem inn for Ingvill 12 minutt ut i andre omgang. Spelar venstre midtbane, og viser at ho kanskje er laget sin raskaste spelar. Fleire flotte returløp der ho spring opp Kaupangerspissane, og er med og avvergar avslutningar. God kamp som syner at ho er ein spelar for framtida.

 


Livi spelte ein god kamp som venstre back
Foto:Geir Harkjerr


Sara og Margrete var gode offensivt
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (15.05.06 - 18:37)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487484 besøk, sidan 18. juli 2005