Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Skuffande seriepremiere for A-laget i 6. divisjon




Foto:jarle geithus

Det vart eit skuffande 4 – 1 tap mot Veitastrond på heimebane tirsdag 2. mai. Etter ein god treningskamp som enda 2 - 2 mot 4.divisjonslaget Syril på laurdagen før, var dette ekstra tungt å svelgje for spelarane og dei frammøtte på Kreklingen.


Til tross for eit 3 – 1 tap mot Veitastrond i ein treningskamp i vår, var dei fleste spelarane sikre i trua på at no skulle Veitastrond få sjå eit heilt anna lag… .

BIL stilte med den samme formasjonen og det samme mannskapet som mot Syril, med unntak av Odd Arild Lunde som ikkje kunne vere med denne gongen.

Balestrand I.L. (4-5-1)

Kjell Rune Sværen

Theodor Kvikne, Sveinung Alværn, Tommy Ese, Senad Demirovic

Sondre Skrede, Marius L. Bøe (kap), Eirik Thue, Øyvind Neset, Roy Kennet Rendedal

Arnstein Menes

 

Res: Olafur Nesse, Mohammed Thaher, Eirik Kvam Goksøyr, Henning Skåden, Tor Inge Fedje og Arve Sjøthun.

1.omgang

I frå fyrste spark av var det tydeleg at taktene frå Syril-kampen var heilt fråverande. Det var noko daudt over heile laget. Innsatsen og konsentrasjonen var på eit lågmål som det skulle visa seg vart straffa sjølv på eit nivå som 6.divisjon.

Veitastrod hadde alt før dei tok ledelsen, etter rot i BIL-forsvaret, hatt fleire gode sjansar til å lage mål. Når eit lag strevar slik med å få spelet til å gli slik som BIL gjorde i denne perioden,er det godt å ha ein spelar som Eirik Thue på laget! Mr Thue tok like godt og skåra direkt frå corner, og så var laga like langt sjølv om det nesten berre hadde vore eit lag på bana.

Etter det som burde vore ei vitamininnsprøyting for BIL, fant forsvaret ut at 1 – 1 ikkje var rettferdig og servert 1 – 2 på eit fat til Strondi sine staute karar. Etter dette hang BIL litt betre med og klarte å skape eit par, tre sjansar, men det var ikkje direkte uretferdig at Veitastrond leda 2 – 1 då laga gjekk til pause.

2.omgang

Etter ein så dårleg omgang måtte det gjerast forandringar i pausen. Då sendte Geir Harkjerr, som styrde ting frå sidelinja, debutanten Olafur Nesse utpå for å snu ting i BIL sin favør.

Dette viste seg å vere lurt. Olafur kriga og kjempa på kvar einaste ball og fekk opp gløden i laget. I dei neste 25 minutta skapte BIL ein god del sjansar som burde gitt utteljing. Men det gjorde det dessverre ikkje.

I staden for kontra Strondi inn eit par mål på slutten av omgangen. Då var mykje av gløden gått ut av BIL-laget. Det skal seiast at både Eirik T og Arnstein måtte gå ut med skader, noko som ikkje gjorde det lettare for laget.

Konklusjon

Her trengst det skjerping fram mot neste kamp. Laget kan ikkje sleppe inn så enkle mål og samtidig missa på så store sjansar som dei gjorde i denne kampen.

På den positive sida så var det kjekt å sjå Marius attende i BIL-drakt og at unggutane Sondre, Olafur og Eirik K G debuterte i seriesamanheng på senior nivå for BIL. Særleg Olafur kan vere nøgd med innsatsen sin. Elles så kan det nemnast at dei nye draktene var flotte, får heller satse på at spelet er meir i stil med draktane til neste kamp!

Spelarbørs

Kjell Rune(Keeper):                                        5         

Stod ein grei kamp og kan ikkje lastast for nokon

av måla. Hadde liten hjelp av dei framføre seg,

men kan verte flinkare til å dirigere.

Theodor (Høgreback):                                    5

Spelar ein grei kamp, men me har set han

ein del meir på hogget før. Satt 1. mai endå

i kroppen?

Senad (venstreback):                                       4

Hadde ikkje dagen. Må ta på seg 1 – 2 målet

på si kappe. Har ikkje roen med ballen og

passningane går ofte i hytt og pine. Bytta i pausen.

Sveinung (midtstoppar):                                   4

Var heilt utanfor i 1.omgang. Noko betre i 2.omgang,

men kan lastast for to mål.

Tommy (midtstoppar):                         5

Noko uryddig i spelestilen. Får ikkje tak på spissen

sin, men viser god innsats og gir aldri opp. Får

fortent gult kort.

Sondre (høgre midtbane):                                5

Gjer ein grei innsats, men kjem ikkje ofte til innlegg.

Kunne noko blitt meir brukt av medspelarane.

Marius (sentral midtbane):                               5

Prøver og prøver. Ikkje like lett å spele ball når ein

ikkje får ballen attende. Hadde ikkje heilt dagen,

men prøver å ta ansvar.

 

Eirik T (sentral midtbane):                                6

Gjer ein grei innsats og er til tider kreativ. Får 6

mest pga sitt flotte mål. Ut med skade i 2.omgang

og det prega laget litt.

Øyvind (sentral midtbane):                               5

Har ikkje toppformen inne. Kor er taktene han viste

mot Vik tidlegare i vår? Prøver men får det ikkje heilt til.

 

Roy Kenneth (venstre midtbane):         4

Ikkje lett å spele på venstrekanten når ein helst vil

bruke høgrefoten. Har ikkje dagen. Få iniativ framover,

bytta ut i 2.omgang.

Arnstein (spiss):                                                          5

Bør skåre minst eitt mål. Får ikkje den støtten han bør ha,

men me har sett han piggare enn dette…

Olafur(midtbane/spiss):                        7

BIL sin beste. Gjer eit veldig godt innhopp. Skaper

kaos for Strondi med innsats og kjemping. Kastar

seg inn i kvar duell og gir aldri opp ein ball. Hadde

resten av BIL hatt ein slik innstilling hadde dette vore

ein lett match!

Eirik KG (høgre midtbane):                  -

Spelte for lite til å bli vurdert med karakter. Grei

innsats, men bidreg ikkje spesielt positivt eller negativt.

Arve (midtbane):                                                         -

Spelte for lite til å bli vurdert med karakter. Grei

innsats, men bidreg ikkje spesielt positivt eller negativt.

Tor Inge (høgreback):                                     -

Spelte for lite til å bli vurdert med karakter. Har roen

og viser at han kan meistre høgreback plassen.

Mohammed (spiss):                                         -

Spelte for lite til å bli vurdert med karakter. Bør

skåre minst eitt mål, ikkje heilt i slag etter skaden.

Må slutte å klage på lagkammerarane.

Henning (venstre midtbane):                 -

Spelte for lite til å bli vurdert med karakter. Grei

innsats, men bidreg ikkje spesielt positivt eller negativt.



Foto:jarle geithus



Skrive av: Sveinung Alværn (10.05.06 - 23:13)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487102 besøk, sidan 18. juli 2005