Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damene tapte jamn kamp




Foto:Eirik Thue

For tredje kamp på rad synte dei unge damene at dei er fullt på høgde med motstandarene, men tapte 1-2 mot Sandane på fredag.

Kampen vart tett og spanande, slik ein hadde forventa på førehand. Balestrand åpna bra og hadde tre gode sjansar etter bolkar med godt etablert spel inne på Sandane sin halvdel det første kvarteret.

Lina skaut like utanfor etter 7 minutt, medan Kristina fyrte av eit kanonskot over berre to minutt seinare Etter 13 minutt synte Margrete seg fram med ein flott dribleserie på venstresida.

Kristina var frampå att etter 21 minutt med flotte avdriblingar utanfor sekstenmeteren. Ho avslutta med eit skot som keeper redda.

Linn fekk vist seg fram denne kampen òg. Etter 26 minutt viste ho fram ei fantastisk beinparade når ein Sandanespelar var aleine gjennom. Minuttet seinare redda ho på ny meisterleg, og etter halvtimen måtte ho igjen i aksjon etter at Sandane kom noko for enkelt gjennom.

I denne perioden sleit Balestrandsdamene litt med å få ting til å stemma. Linn bestemte seg for å tetta igjen, og ho heldt laget inne i kampen desse hektiske minutta.

Fem minutt før pause fekk Sandane straffe, etter ein situasjon der Sara var involvert. Linn redda nesten straffa. 0-1 til pause.

Linn, Marte, Karita, Tonje, Sara, Lina, Ann Kristin, Heidi, Margrete, Kristina og Ingunn starta kampen for Balestrand.

Då andre omgang starta kom Kamilla inn for Lina. Ragnhild K kom inn for Sara 14 minutt i omgangen, og gjorde ein flott debut på venstre back.

Balestrand verka som om dei trudde at pausen vara ti lengre en kva som var tilfelle. I alle fall tok det nesten ti minutt av andre omgang før alle hadde "vakna". Fleire ruskete avklaringar og dårlege pasningar prega det som skjedde, og eter 8 minutt spel stod det 0-2.

Etter 10 minutt slo Ingunn ei kjempepasning gjennom til Kristina, men skotet gjekk like utanfor. Det gjekk 18 minutt før den etterlengta skåringa kom. Flotte kombinasjonar mellom Kamilla, Lina, Ingunn og til slutt Margrete enda med at Margrete sette ballen vakkert i mål i ein boge over keeper frå cirka 16 meter. Minuttet før måtte Kristina nesten berast av bana etter å ha fått ein alboga planta i tinningen.

Linn heldt fram med imponerande keeperspel. Ho var uredd ute i duellar, og var fleire gongar ute og møtte angriparane som kom mot ho. Særleg hadde ho ei klasseredning ti minutt før full tid. Ein Sandanespelar kom aleine gjennom, men Linn fekk pressa motstandaren til å skyta slik at ho fekk ut ei hand og redda. Kampen enda med siger 1-2 til bortelaget.

Mange gode Balestrandsspelarar i dag òg, men kampens spelar vert nok ein gong Linn. Ho er kanskje det største keepertalentet som Balestrand nokon gong har hatt på jentesida.

Hovudutfordringane til Balestrand sitt unge damelag er å finna vegen til nettmaskene. Laget syner til tider særs godt spel, og dei spelar seg fram til mange posisjonar der det mogleg for målsjansar. Dei fleste skota vert for "pinglete", og det vert for lite trøkk når det verkeleg gjeld framfor mål. Når dette løysnar, vil truleg måla òg koma, og då vert det om moglet endå kjekkara å sjå damene spele.

Utfordringa ligg òg i få rekrutert nye spelarar til laget, både gjennom Sygna, eigen spelarutvikling, og eventuelt spelarar frå andre klubbar. Damelaget har ein snittalder på 16,7 år på 19 spelarar. Det er ikkje tvil om at laget har framtida føre seg.



Foto:Eirik Thue



Skrive av: Geir Harkjerr (08.05.06 - 15:53)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488699 besøk, sidan 18. juli 2005