Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene debuterte med tap



Arkivfoto
Foto:Geir Harkjerr

Småjentene spela sin aller første 11 ar kamp onsdag 3. mai.
Kampen vart spela på Kreklingen stadion. Då pipeblåsaren  gav seg for dagen, var resultatet 0-3. Stillinga ved pause var 0-2.
Etter spel og sjansar var det fortent at spelarane frå bygda med dei frykta e- colli bakteriane  vann kampen. Det var imidlertid ikkje så stor skilnad på laga, og dersom jentene hadde scora på dei  2-3  feite sjansane dei produserte, kunne faktisk resultatet blitt eit heilt anna. Men, som kjend er det måla som tel. Synd for jentene som i alle fall hadde fortent å score mål.
 
Jentene har tidlegare spela treningskamp mot Høyanger. Sjølv om det framleis er mykje å jobbe med, var framgangen formidabel frå førre kamp. Ein skal aldri vere nøgd etter å ha tapt ein fotballkamp, men dersom framgangen held fram i same tempo, klarer forhåpentlegvis jentene snart å vinne. Innsatsen var det imidlertid ingen ting i vegen med.
Det er ikkje lett å spele fotball på stor bane og lære seg å spele med offside for første gong.

Det er ikkje rett å trekke fram spelarar, men Amanda dominerte stort frå sin midtstopparposisjon med sugande taklingar og oppofrande spel. Glimtvis var det imidlertid andre som fekk vist at det bur mykje fotball i dei og som kan verte gode spelarar dersom dei er flinke med å trene framover.
Det er uansett kjempeflott at Balestrand kan stille 11 ar lag i småjenteklassen. Me er spente på fortsettelsen, og me skal saman med jentene jobbe hardt framover for at dei  skal utvikle seg individuelt som spelarar og som lag.



Skrive av: Alf M. Høyrem (07.05.06 - 21:47)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487131 besøk, sidan 18. juli 2005