Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damelaget burde ha vunne historisk kamp på Kreklingen




Foto:Geir Harkjerr

Fredag 28. april var Eid gjestar på Kreklingen stadion. Tilskodarane vart vitne til ein historisk kamp, der det for fyrste gong vart spela damefotball i Balestrand.

 


Eid kom med eit lag der snittalderen og rutine var på eit noko høgare nivå enn kva som er tilfelle for Balestrand sitt unge damelag. Det viste seg imidlertid at "ungdomane" frå Balestrand ikkje hadde særleg respekt for sine eldre motstandarar.

3 minutt var spela då Kristina avslutta med eit kanonskot like over etter flott overgangspel. 5 minutt seinare kom Balestrand med ein ny overgang det lukta klasse av. Flott kombinasjonsspel mellom Lina, Ingunn og Kristina, som vart avslutta med skot like utanfor frå Kristina.

Minuttet seinare kom Eid fram på høgresida. Eit ufarleg innlegg, vart slege i mål av ei særs uheldig Linn i Balestrand sitt mål. Linn hang ikkje lenge med hovudet. Fleire klasseredningar vart vist fram, og etter 18 min redda ho meisterleg då ein Eidspelar kom aleine mot ho.

Laga gjekk til pause med 0-1 leiing til bortelaget, i ein omgang som var ganske jamnspelt. Sjansestatistikken syner at Balestrand vann den med ein.

Linn (K), Marte (HB), Sara (VB), Karita (MS), Tonje (MS), Lina (VM), Kamilla (HM), Ann Kristin (SM), Heidi (SM), Kristina (S) og Ingunn (S) starta kampen for Balestrand i ein 4-4-2 formasjon.

Ingunn måtte ta ein pause etter 24 minutt etter ein smell i albogen. Silje kom då inn. Ingunn kom inn att 5 minutt seinare. Kamilla gjekk då ut, og Silje vart sett ut på høgre midtbane.

3 minutt ut i andre omgang sette Eid inn 0-2, etter eit langt og godt angrep. Balestrand la umiddelbart om til å spele med 3 bak, 4 på midten og 3 spissar. Ragnhild E.H kom inn for Tonje og danna forsvaret saman med Marte og Karita. Sara vart flytt fram på midten saman med Ann Kr, Heidi og Silje. Lina, Ingunn og Krisitina fekk i oppgåve å true bakromet som spissar.

Utteljinga kom nesten umiddelbart. Balestrand fekk eit stort trykk på gjestane frå Eid og dei hadde meir en nok med å få ballen unna. 7 minutt ut i omgangen fekk Balestrand frispark 20 meter frå mål. Kristina sette ballen vakkert i venstre kryss.

Balestrand fortsette å trykke på, utan det vart skapa dei heilt store målsjansane. Keeper til Eid viste ein usikre inngripnader, og dette forsøkte ein å utnytta. Diverre var Eid sine stopparar på plass sekundet før våre spissar og fekk avklara.

22 minutt gjekk det før utlikninga kom. Ingunn fekk eit flott gjennomspill frå midten, sette fart og kom aleine mot Eid sin keeper. Ballen vart sett enkelt til side for keeper, og Ingunn teikna seg for sitt første mål som damelagsspelar. Kamilla kom inn att 18 minutt før slutt. Silje gjekk ut etter ein kjempegod kamp.

Fleire nestensjansar vart produsert, der det siste touchet var for dårleg. Gong på gong vart ballen slegen nesten perfekt gjennom. Lina, Kristina, Silje, Kamilla, Ingunn og Sara var alle litt for sein på løpa sine, kombinert med litt for hardt slegne pasningar.

Balestrand hadde ballen nesten heile tida, og kjempa utruleg bra heile andre omgang, men det vart ikkje fleire skåringar for heimelaget. Eid fekk innkast på høgde av sekstenmeteren 4 minutt før full tid. Litt fram og tilbake inne feltet, og det så stod det 2-3.

Då klokka viste full tid, sende trenaren fram alle i angrep i forsøk på å få ei fortent utlikning. Berre Karita låg att med tre gule drakter rundt seg. Det gjekk som det ofte gjer. Eid vann ballen og sette fart i ei kontring. Det vart ein enkel jobb å spele ut Karita og Linn, og sluttresultatet 2-4 vart sett inn.

Trenar er svært stolt av jentene (damen) "sine" etter denne kampen, og synes litt synd på laget etter ein fantastisk flott kamp, som diverre ikkje gjev poeng. Laget viser at dei ikkje har unødvendig stor respekt for laga i dameserien. Vi er på rett veg, og det er viktig at ein jobbar tålmodig og målretta vidare. Laget har fleire profilar, og har eit stort potensiale.

Alle fortener nesten bestemannsprisen denne gongen. Likevel må ein vel seie at Kristina var den aller beste for Balestrand.

Allereie komande fredag, 5. mai, vert det ny sjans for damelaget til å få sesongens første poeng. Då kjem Sandane på besøk. Ein ynskjer publikum vel møtt til ei ny spanande kamp på Kreklingen.



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (30.04.06 - 19:10)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487210 besøk, sidan 18. juli 2005