Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Flott debut av lillegut 11



Arkivfoto
Foto:

Dei yngste lillegutane klarte seg bra i sin aller første 7-ar kamp i Vik på torsdag. Då dommaren bles av var det scora 14 mål, pent fordelt med 7 til kvar av laga.


 

Det var med ei viss spenning at Balestrand sine yngste lillegutar stod oppstilt på grusen i Vik før dommaren bles i gang deira aller første 7-ar kamp. Vi visste at dei hadde gode spelarar frå fleire møte i tidlegare miniputturneringar. Men no var det skikkeleg seriestart – lang kamp med pause og det heile. Ny formasjon med 6 utespelarar.. Og korleis er no eigentleg formen og fungerer samspelet etter eit heller spinkelt treningsgrunnlag? Så bles han - dommaren – og vi var i gang.

Etter ein litt nølande start og eit visst press frå Vik, fekk Balestrandgutane løfta laget ved fleire høve.  Vi fekk skapt nokre bra sjansar og etter 10 minutt stod det 1-0 til Balestrand. Det var einaste gongen vi leda i kampen. For Vik slo tilbake. 3 kjappe mål  før Balestrand klarte å redusere. Like før pause fekk Vik enda eitt mål slik at det stod 4-2 til Vik. Men vi visste vi kunne vi hadde jo hatt ein susar i tverliggaren, og eitt av måla kunne vi jo ha klart å avverge.. Så det var jo nesten uavgjort.

Etter ein velfortent pause tok Balestrand litt over komandoen, og etter 20 minuttar stod det 5-5. Fulle av optimisme storma vi i angrep, men slikt straffer seg fort. Vi la inn eit ekstra støt og scora 2 raske mål. 7-5 og berre få minutt att å spele. Det er då ein ser kva som bur i eit lag. Krum nakke og full insats, og ikkje minst tru på at det går. To mål på rekordtid og enda eit minutt att. 7-7 og små sekund att då ein Vikspelar glir forbi to forsvarar og kjem alene med Tommy Ese som står i mål. Han kjem ut låg og brei som ein ekte proff, og redder skotet som er på veg ned i hjørnet.  Keeperen vert helten, og alle er nøgde med eigen og dei andre på laget sin innsats. Vi takkar Vik for ein spennande kamp, men samstundes ein kamp med god tone mellom spelarane gjennom heile kampen.

Stemninga i bilen på veg heim er god. Vi kom godt i frå seriepremiera. No skal vi heim å trene - for det er framleis mykje vi kan bli betre i. Og dei snakkar om å ete frukt i staden for snop.. Dette vert bra framover!



Skrive av: Arne Abrahamsen (28.04.06 - 14:46)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487826 besøk, sidan 18. juli 2005