Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damelaget missa i sesongpremiæren




Foto:Geir Harkjerr

Balestrand debuterte i seriesystemet for damer med å tape borte mot Høyang.

Balestrand sine damer gjekk respektlaust ut i bortekampen mot Høyang tysdag kveld. Dei første 20 minutta var Høyang nesten ikkje inne i kampen i det heile. Balestrand hadde ballen mykje, og spelte til tider særs flott fotball. Det som avgjer fotballkampar, nemleg det å skåra mål, klarte dei ikkje.

23 minutt ut i omgang kom Høyang på ein overgang der Balestrand ikkje hang heilt med. Dermed stod det 1-0 til heimelaget, noko som så langt ikkje var heilt retferdig utfrå banespelet.

Dei siste 20 minutta av omgangen bør Balestrand berre gløyme fortast råd. Det var ikkje mykje som stemte då. Få sjansar vart skapte, og ein gjorde alt for mange personlege feil som skapte overgangar for Høyang.

Laga gjekk til pause med 1-0 til heimelaget.

I pausen bestemte Balestrand seg for å krumma nakken og visa at vi framleis kunne klare å spela fin fotball. 3 minutt ut i omgang stod det 3-0 til Høyang. 54 sekund brukte dei på å lage to mål.

Med eit slikt utgangspunkt kunne det verke som om kampen var avgjort nesten før andre omgang hadde byrja. Balestrand sleit det første kvarteret med å skapa noko særleg framfor mål. Etter 10 minutt kom 4-0 etter eit langt Høyangangrep.

Etter 16 minutt sette Kristina fart framover høgresida. Ho slo eit flott innlegg som Sara bomma på (vi kan godt seie at ho tok ei skuddfinte). Ballen gjekk vidare til Margrete som sette ballen enkelt i mål.

Herifrå og ut omgangen var det Balestrand som hadde overtaket, men ein klarte ikkje setje fleire ballar i mål.

Det vart tap 1-4 i BIL-soga sin første seriekamp for damer.

Balestrand viste i to gode periodar at dei kan spele fin fotball. Dei periodane tek vi med oss vidare. Alle spelarane gjorde ein god innsats. Likevel kan ein trekke fram Linn som gjorde nok ein flott jobb bakerst i mål. Fleire kvalifiserte redningar særleg mot slutten av første omgang, gjorde sitt til å halde laget inne i kampen. I tillegg gjorde Kristina ein solid innsats på sentral midtbane, og Heidi spelte ein ny god kamp som stoppar.

Neste kamp for damene, vert heime på Kreklingen mot Eid, fredag 28. april klokka 1900.



Skrive av: Geir Harkjerr (26.04.06 - 18:48)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487370 besøk, sidan 18. juli 2005