Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sesongåpning for smågutane




Foto:

Sesongåpninga på Kreklingen for smågutane blei ei fin oppleving på ein fin vårkveld.
Sogndølene blei sende heim med 7 baklengs og kun 1 scora mål.

Balestrand sine smågutar åpna forrykande på Kreklingen i kveld.
Etter eit 4-3 tap borte mot Vik forrige måndag, hadde dei eit sterkt ynskje om å "reise kjerringa".

Sogndølene slit truleg med å fine rekruttering i eigne rekkjer, for dette var ei heller svak oppvisning av laget frå "fotballbygda" på krøllgraset på Kreklingen.
Sogndølene fekk aldri sleppe til mot eit sterkt Balestrandlag.

Til pause var stillinga 3-1, og det eine målet til Sogndal kom etter slett forsvarsspel av Balestrendingane.
Me sleit med tempoet til forsvarsspelarane, men dette kom seg noko utover i kampen.
Totalt var spelet overbevisande.

Måla ble scora av Eirik Skaasheim(1), Lars Kjetil Nordeide(1) og Kristoffer Lønning (5).

 

 



Foto:Kjetil Nesse



Skrive av: Kjetil Nesse (25.04.06 - 00:15)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488710 besøk, sidan 18. juli 2005