Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damelaget synte bra taktar



Grei gjennomkøyring for damelaget
Foto:Geir Harkjerr

For første gong i Balestrand IL si historie vart det spela 11'ar kamp for damer laurdag føremiddag. BIL-damene tok turen til Høyanger for treningskamp


Det var fleire spende jenter/damer som for første gong i år skulle spela på full banestorleik. Fram til no har ein trena inne i Belahalli og berre fått nokre få økter ute på kunstgraset på avgrensa område. Motstandar Høyang, har hatt høve til å trene ute på oppvarma kunstgras heile vinteren.

Kampen opna bra for Balestrand, og vi fekk eit lite overtak dei ti første minutta. Ingunn sette inn 1-0 etter 8 min. Kamilla dreiv fram på høgresida, og slo eit perfekt innlegg som Ingunn sette sikkert i mål.

Etter skåringa tok Høyang over. Særleg sleit BIL med å få sett midtbana skikkeleg. Då omgangen var 10 minutt gamal, avverga Linn skåring med ei flott beinparade. 19 minutt ut i omgangen utlikna Høyang etter corner. 4 minutt seinare stod det 2-1 til heimelaget. Eit langskot som Linn såg ut til å ha kontroll, men diverre gjekk ballen under kroppen i mål.

Klokka viste 40 minutt då Margrete utlikna til 2-2. Karita slo frispark midt på Høyang sin banehalvdel. Ballen gjekk over alle og landa ved bakerste stolpe. Der dukka Margrethe opp, og sørga for utlikning.

Minuttet før pause måtte Linn ut i nesten full for å avverga til corner eit godt langskot. Corneren landa oppe på tverrliggaren.

Laga gjekk til pause med to skåringar kvar.

Etter kvilen var det stort sett mykje frem og tilbake mellom 16-meterane. Ingen av laga greidde å riva til seg inititivet. Høyang produserte dei fleste avslutningane, men Linn avverga meisterleg fleire gonger.

Største sjansen til Balestrand kom etter 6 minutt. Kristina kjempa til seg ballen, slo innlegg til Barbro, som la ballen flott tilbake til Margrete. Ho skaut med venstrefoten like over venstre krysset. Eit godt skot som ein gjerne skulle sett gjekk i mål.

Etter 20 minutt fekk Høyang straffe etter at Linn slengte seg i føtene på ein spelar som kom aleine mot mål. Straffa var korrekt, men Høyangspelaren skulle aldri fått koma aleine. Ein soleklar offside som alle var einig. Sjølv domaren innrømma etter kampen at det skulle vore blese for offside.

2 minutt før full tid sette Høyang inn 4-2 etter ein fin overgang der Balestrand ikkje hang med.

Då er første økta på stor bane gjennomført, og den gav mange svar og nokre utfordringar som vi skal bygge på fram til seriestart.

Fylgjande spelarar la ned ein flott innsats:

Linn T. Vefring, Marte Fjærestad, Karita Hellenes, Heidi Eilifsen, Ragnhild Kråvik, Kamilla Neset, Ann Kristin Feidje, Kristina Lodden, Margrete Skarsem, Ingunn Kråvik, Sara Eitungjerde, Ingvill Sjøthun, Silje Thorsnes, Barbro Kvalheim og Liv Irene Sukkestad.

Lina Asheim, Ragnhild E. Høyvik, Tonje Skåden og Bjørg Kristine Sortland er òg med i damelagsstallen, men dei var ikkje med i dag.

Serieåpninga er borte nettopp mot Høyang. Etter terminlista skal kampen spelast laurdag 21. april, men begge laga ynskjer at kampen vert flytta. Truleg vert kampen spela tysdag 25. eller onsdag 26. april.

 

Balestrand stilte med heile fem debutantar. Ragnhild Kråvik starta som venstre back, og viste til tider fine takter. Kristina Lodden spelte sentralt på midten saman med Ann Kristin, og viste at ho vil verte ein viktig spelar denne sesongen. Margrete Skarsem



Skrive av: Geir Harkjerr (01.04.06 - 18:56)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487443 besøk, sidan 18. juli 2005