Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Stor oppslutnad på samlinga med Norges Fotballforbund



Ei lydhøyr forsamling var møtt fram
Foto:Geir Harkjerr

Fredag 18. november var cirka 60 personar samla i kommunestyresalen for å få med seg tankane rundt ei vidare utvikling opp mot Mali

Spelarar frå jentelaget, foreldre/føresette, idrettslaget, kommunen, skulen, fotballgruppa med fleire var samla, og det var trongt om plassen på rådhuset.

Trenar Geir starta med å ynskje dei frammøtte velkomne og med å gje eit kort resymè av det vi opplevde i sommar.

Anders Krystad frå Fotballforbundet (NFF) heldt fram med å informera om NFF sitt internasjonale engasjement, policy, ulike prosjekt og arbeidsoppgåver. Anders starta heile seansen med å gje skryt til jentene for den innsatsen som vart vist i sommar, både i Balestrand og under veka i Oslo i samband med Norway Cup. Han sa mellom anna at når ein skulle velgje ut eit ambassadør som ein hadde tru på, så var det ingen tvil. Det måtte bli jentelaget frå Balestrand.

Arne Øi frå FN-Sambandet heldt fram med å fortelja om korleis FN arbeidar og om dei ulike utvilkingsmåla, før Anne Marit Træland frå Fredskorpset fortalde om korleis ho opplevde det arbeidet ho har gjort. Anne Marit møtte vi òg under Norway Cup i sommar.

Så fortalde Nina Hedlund, Siw Svendsen og Stine Rofeldt om sine opplevingar frå Mali sist sommar. Nina fortalde om kurs for domarar, Siw om kurs for trenarar, og Stine om leiarkurs. Dei viste òg bilete, der mellom anna Haidara (leiar), Assata(trenaren til Mali) og fleire av jentene vi vart kjende med i sommar var med.

Jarle Vegard Brynildsen avslutta med å fortelje om opplevingar og erfaringar som Tistedal IL hadde gjennom eit 5 års langt samarbeid/prosjekt med lag frå Afrika. Jentelaget til Tistedal har mellom anna vore på 10 dagars tur til Sør-Afrika. Han synte òg ein film frå denne turen.

Så var tid for pizza, kaker, brus og kaffi. Det vart trangt i kantina då 60 personar skulle ete samtidig. Alle vart gode og mette, og kvelden vart avslutta etter drøye tre timar med å seie litt om korleis ein ser før seg at Balestrand skal kunne få til eit Maliprosjekt.

Då ein sette på eit "bileteshow" med bilete frå i sommar, vart det mange hjartesukk i salen. Mange gode minner vart vekte, og ei av jentene svara fylgjande på spørsmål frå Anders om kva vi tenkte vidare: "Vi skal til Mali - vi reiser neste helg..."

Takk til alle som møtte fram frå eiga bygd, og ikkje minst takk til dei som kom frå Oslo og Bergen for å gje oss mykje gode tilbakemeldingar og input for vidare satsing på Maliprosjektet.


Anders Krystad heldt fleire gode innlegg
Foto:Geir Harkjerr


Pizza og brus smakte godt
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (20.11.05 - 19:54)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488717 besøk, sidan 18. juli 2005