Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Norges Fotballforbund til Balestrand



Anders Krystad frå fotballforbundet kjem (foto teke under Norway Cup)
Foto:Geir Harkjerr

Fredag 18. november kjem Anders Krystad frå Norges Fotballforbund med fleire til Balestrand

Under Norway Cup i sommar, vart vi mellom anna kjende med Anders. Saman med Mali var vi gjestar til NFF på Ullevaal, og det vart gjevne signal om at at NFF kanskje ville kome til Balestrand i løpet av hausten.

Fredag kjem Anders saman med tre internasjonale instruktørar frå NFF på besøk. To av desse har mellom anna vore med å utdanna trenaren til Mali. I tillegg kjem det ein frå Tistedal IL som vil fortelje om deira erfaringar med samarbeid med eit lag frå Afrika.

Det kjem òg representantar frå FN-sambandet og Fredskorpset.

Spelarane på jentelag, samt foreldre/føresette vil saman med Balestrand kommune, Idrettslaget, fotballgruppa, skulen, med fleire vere med på samlinga. Målsetjinga er å sjå på moglegheitene for å vidareutvilke det vi starta i sommar saman med våre afrikanske vener frå Mali.

Dette vert spennande! Vi hugsar vel alle med glede dei afrikanske dansane og musikken i Holmen i sommar. Og sjølvsagt landskampen på Kreklingen med nesten 200 tilskodarar!


Balestrand og Mali (biletet teke under "landskampen" i sommar)
Foto:Sveinung Alværen


Vi vart gode vener sommaren 2005
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (17.11.05 - 23:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488655 besøk, sidan 18. juli 2005