Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Opp og ned i Førde Cup



Arkivfoto
Foto:Geir Harkjerr

Ikkje den heilt store sportslege suksessen for våre lag i Førde Cup i år, men mykje vart teke att på det sosiale planet.

Smågutane innleia tidleg laurdag med å vinna ein jamn og spanande kamp 4-3 mot Tjørvåg. Gustav skåra alle måla. ein time seinare vart det tap 2-3 mot Førde 6. På ettermiddagen vart det tap 2-3 mot Jølster 1 etter at kampen stod å vippa. Diverre ikkje noko sluttspel på smågutane. Dei viste likevel framifrå innsats, og ein håpar at dei kjem sterkare tilbake neste år!

Jentene hadde med to lag. BIL 1 starta med 1-1 mot Førde 3, der Sara skåra målet. BIL 2 spelte òg 1-1 første kampen mot Florø 1. Takka vere ein framifå Florøkeeper berga Florø, som seinare kom heilt til finalen i A-sluttspelet, poenget. Lina skåra vårt mål.

I kamp to tapte BIL 1 0-5 mot Fyllingen 1, medan BIL 2 slo Jølster 1 3-1. Ann Kristin laga alle tre måla.

I tredje kamp laga Amanda målet som sikra BIL 1 seieren 1-0 mot Lavik. Lina skåra sigersmålet i 1-0 seieren for BIL 2 mot Sunnylven.

BIL 2 avslutta i "dødens pulje", som det visstnok heiter når laga har tilnærma like resultat, med 1-2 mot Førde 2. Ann Kristin teikna seg nok ein gong på skåringslista.

BIL 1 vart nummer to i pulja og gjekk til B-sluttspelet, der det vart tap 0-2 mot Førde 3 i kvartfinalen. BIL 2 vart nummer tre i si pulje, og gjekk òg til B-sluttspelet. Ann Kristin og Marta skåra kvar sitt mål som sikra 2-o seier mot Tjørvåg i kvartfinalen. I semifinalen vart det tap 0-2 mot Førde 1.

Alle tre laga samt leiarane hadde nokre fine dagar i Førde, og ein nyttar òg høvet til å takke fansen som stakk innom for å heie på laga!


Trenaren for smågutane (arkivfoto)
Foto:Geir Harkjerr


Toppskåraren for jentene
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (17.11.05 - 22:42)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487120 besøk, sidan 18. juli 2005