Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tre lag frå Balestrand til Førde Cup



Jentene stiller med to lag
Foto:Geir Harkjerr

No i helga, 11.-13. november, vert det full fart med fotball i Førdehuset. Eit smågutelag og to jentelag frå Balestrand reiser for å vere med.

Laga reiser fredag ettermiddag frå Holmen og vil nytte heile helga i Førde. I tillegg til å både spele sjølv, og sjå på andre lag som spelar, er det fleire ulike aktivitetar som deltakarane kan vere med på. Bading (innandørs på denne årstida), kinoframsyningar og diskotek er mellom aktivitetane.

Ein oppmodar alle som har høve til å leggje handleturen laurdag til Førde, og då òg koma innom i hallen og heie på våre lag.

Fredag og laurdag er det innleiande kampar, medan søndag er det sluttspel.

Balestrand smågutar (laurdag 12. november):

Kampnr  Klokka Bane Heimelag Bortelag Klasse

 41

 0830

 1

 Tjørvåg

 Balestrand

 SMG 3

 53

 0930

  1 

 Førde 6 Balestrand

 SMG 3

 143

 1700

 1

 Jølster 1

 Balestrand

 SMG 3

Balestrand jenter (laurdag 12. november):

Kampnr Klokka Bane  HeimelagBortelag Klasse 

 63

 1015

 2 

 Førde 3

Balestrand 1 

 J 3

 67

 1030

3

 Florø 1

Balestrand 2

 J 5

 83

 1200 

1

 Fyllingen 1

Balestrand 1 

 J 3

 87

 1215

 2 

 Jølster 1

Balestrand 2 

 J 5

 108

 1400

2

 Lavik 

Balestrand 1 

 J 3 

 113

 1430 

1

 Sunnylven

Balestrand 2

 J 5

 123

 1515

2

 Førde 2

Balestrand 2

 J 5

I småguteklassa går puljevinnarane og beste toarlag til A-sluttspel søndag, medan resten av toarlaga, og dei to beste trearlaga går til B-sluttspelet.

I jenteklasa går puljevinnarane og dei tre beste toarlaga til A-sluttspel søndag, medan resten av toarlaga, trearlaga og det beste firarlaget går til B-sluttspelet.

Det er første gongen smågutane er med på Førde Cup, medan det er tredje gongen for jentene. I 2004 vart eit av jentelaga våre nummer to og fekk medaljar og ein flott pokal med seg heim.

Vel møtt Balestrendingar til fotballmoro i Førde!


Smågutane stiller eitt lag
Foto:jarle geithus



Skrive av: Geir Harkjerr (10.11.05 - 18:37)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487482 besøk, sidan 18. juli 2005