Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med 7 poeng på ei veke



Arkivfoto av flinke fotballjenter
Foto:Geir Harkjerr

Jentelaget har den siste veka spelt to heimekampar og og ein bortekamp med to sigrar og ein uavgjort som resultat

Fredag 23. september var serieleiar Bjørn motstandar på Kreklingen. Ein dramatisk og spanande kamp som enda 5-5. Lina var tilbake på laget for første gong i haust, og kvitterte med 4 mål. Ann Kristin laga det siste målet.

Tysdag 27. september reiste jentene til Årdal og fekk med seg 3 poeng heim etter å ha vunne 5-o. Ingunn og Sara laga to mål kvar, medan Heidi ordna det siste.

Fredag i same veke var Lærdal på besøk heime på Kreklingen. Våre jenter vann med solide 9-1. Sara laga 6 mål og Ingunn laga 3.

Trenaren var ikkje til stades på nokon av kampane, men med gode hjelparar, ansvarsfulle jenter og Knut Steinar, vart det ut frå tilbakemeldingane spela tre svært så gode kampar.

To kampar skal endå spelast før sesongen vert avslutta. Med poeng i desse kampane, vil jentene verte nummer to i haustsesongen òg.


Arkivfoto av jenter som skårar mål på bestilling
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (03.10.05 - 10:36)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487379 besøk, sidan 18. juli 2005