Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


SM?ÖGUTANE MED SEIER I DEN SISTE KAMPEN FOR SESONGEN




Foto:jarle geithus

Smågutane vann 4-2 over Dale 2 i ein kamp på Dingemoen stadion fredag kveld etter å ha leia 3-1 til pause.


Kampen bølgja fram og tilbake dei første minuta utan noko klart overtak til nokon av laga. Balestrendingane gjekk opp til 1-0 etter om lag ti minutt då Runar scora sikkert etter eit fint gjennomspel. Sunnfjordingane utlikna imidlertid ganske raskt etter eit hjørnespark.
Laget frå Balestrand svara imidlertid då Frank banka inn sitt første mål for sesongen frå kort hald. Kanonbra Frank!
Marius var nesten igjennom forsvaret fleire gonger ute på høgre sida, men berre nesten. Endeleg skulle det lykkast. På eit framspel rakk Marius ballen før keeper. Skotet gjekk i keeper som slo ballen rett i kroppen til Marius før den spratt vidare inn mot eit opent mål der Runar kunne score sitt andre for dagen.
Andre omgang skulle imidlertid by på dramatikk.
Gutane vart pressa meir bakover på bana av eit heiltent Dale lag.
Dette vert sjølvsagt lite objektivt, men etter trenaren si oppfatning, hadde domaren ( som for øvrig var engelsk) ein del merkelege avgjerder, og felles for dei fleste avgjerdene (for ikkje å seie alle) så gjekk dei i favør av heimelaget. Espen kunne sjølvsagt ikkje dy seg etter ein del merkelege avgjerder, og kjefta på dommaren (på perfekt engelsk) nokre gongar. Etter ein episode kalla domaren Espen til seg. Spelet gjekk vidare, og Dale kunne score frå klar offside posisjon. Målet vart godkjend og domaren kom ut til sidelinja og orienterte trenaren om at me skulle få sjansen til å ta Espen av bana, eller så kom han til å bli vist ut. Dette rådet fulgte trenaren, sjølv om han ikkje forstod kvifor dommaren reagerte så strengt. Her er vel frustrasjon det rette ordet å nytte.
Espen er ein svært viktig og sentral spelar for dette laget. Med Espen plutseleg ute på sidelina, vart det litt kaotisk ute på bana. Etter å ha kjølna seg ned ein 3-4 minutt, vart Espen byta inn att. I denne perioden kunne Dale lett ha utlikna leiinga, men ein god Andreas i mål og ei godt forsvar holdt unna. Balestrand kom etter kvart til hektene att og produserte ein del store sjansar og Kristoffer kunne punktere kampen etter ei elegant scoring. Då gjekk lufta ut av Dale laget, og Balestrendingane kunne ro i land ein ny seier.

Det var ekstra kjekt å vinne denne kampen med bakgrunn i det som skjedde i andre omgong, og ettersom to av dei sentrale spelarane ikkje var med på turen til Dale.
Dermed er fotballsesongen over. Smågutelaget har spelt 14 kampar denne sesongen, og berre tapt 4 av dei. Dette er ikkje mindre enn imponerande. La gå at ikkje alle motstandarane har vore like gode, men likevel, det står respekt av ein slik prestasjon, spesielt med tanke på at ingen av gutane hadde spelt 11 – ar fotball før denne sesongen.

Takk for ein fin sesong og for god innsats og innstilling gutar.



Skrive av: Alf Høyrem (01.10.05 - 15:36)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487480 besøk, sidan 18. juli 2005