Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


SM?ÖGUTELAGET MED NOK EIN SEIER



Her er Frank i aksjon
Foto:

Laget spelte sin beste kamp denne hausten då dei vann 3-0 over Førde 3 måndag kveld etter å ha leia 1-0 ved pause.

Dette var gutane sin siste heimekamp denne sesongen. Difor var det ekstra kjekt å avslutte med siger. Dei første minutta var relativt jamspelt. Utover i omgangen tok imidlertid gutane meir og meir over, og det var heilt fortent då Espen ga heimelaget leiinga etter eit langskot.
Balestrendingane hadde god kontroll bakover og burde ha hatt ei større leiing til pause.

I annan omgang var Balestrand det klart beste laget. Sunnfjordingane klarte berre sporadisk å kome fram til einskilde halvsjansar, og dei få gjennomspela som dei prøvde seg på, tok Frank seg av. Flott Frank!
Gutane dominerte banespelet, men det skulle gå om lag 25 minutter av andre omgang før dei gjekk opp til 2-0. Målet var imidlertid av det vakre slaget. Eirik gjekk flott ned til linja og slo inn foran mål der Adrian kom inn frå motsett side og scora sikkert. Eit flott mål og forarbeid av laget sine to 12 - åringar. Nokre minuttar seinare kunne Eirik legge på til 3-0 etter eit fint skot.

Alt i alt ein godt gjennomført kamp av gutane, spesielt i andre omgang kor midtbana var mykkje flinkara til å slå tidlegare opp på spissane, i staden for å føre ballen.

No gjenstår det berre ein kamp før sesongen er over. Allereie fredag er det kamp borte mot Dale.

Takk til alle som har møtt opp og heia på gutane denne sesongen. Det hadde ikkje gjort noko om det hadde vore enno fleire som hadde vist interesse. Og hugs, dette er ikkje champions league, men gutar i 12-13 års alderen som enno har mykkje å lære reint fotball fagleg, og som treng mykkje positiv respons. Det dei imidlertid ikkje treng å lære, er ei eksemplarisk oppførsel ute på bana. Det er sjeldan å høyre desse gutane kjefte på dommar eller mot/medspelarar. Her har mange langt eldre spelarar mykkje å lære.



Foto:jarle geithus



Skrive av: alf høyrem (27.09.05 - 22:01)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487154 besøk, sidan 18. juli 2005