Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane knuste Førde



Arkivfoto
Foto:

Smågutelaget knuste Førde 5 i Førde måndag kveld etter periodevis godt spel, spesielt i 2. omgang. Sluttresultat vart 1-6. I høve til spel og sjansar burde seiaren ha vore enno større.

 


Balestrendingane opna noko famlande, men tok gradvis meir over banespelet utan å kome til så mange sjansar. Dei kunne imidlertid gå til pause med ei fortent 1-0 leiing etter ei fin scoring av Eirik.

I andre omgang tok gutane meir og meir over banespelet, og det var stort sett spel mot eitt mål. Det tok likevel ei stund før gutane gjekk opp til 2-0 etter ei ny scoring av Eirik. Midt i 2. omgang kom det finaste angrepet i kampen. Marius ble spilt fint igjennom på kanten, han slo inn foran mål og Eirik kom inn frå motsett side og headet kontant i mål frå kort hald. Nyyyyyyyyyyydeleg mål, og eit stort, eg gjentar, eit stort øyeblikk for trenaren. Marius kunne legge på til 4-0  etter å ha parkert Førdeforsvaret etter eit fint gjennomspel frå midtbana.

Førdianarane fekk eit trøstemål før Balestrendingane tok seg saman og scora to nye mål ved Kristoffer og Eirik.

Det var spesielt gledeleg at midtbana i 2. omgang vart langt flinkare til å slå i gjennom på kantane, slik me hadde snakka om før kampen. Marius fekk ein del fine ballar ut på høgre kanten slik at han kunne utnytte farta si. Marius spelte sin kanskje beste kamp for året. Det skal midtbana ha sin del av æra for. Med enno litt betre innlegg og skot teknikk kan han bli en riktig god kantspelar med sin enorme hurighet. Brukt på rett måte, med riktige pasningar og samhandling med midtbana, er han eit farleg angrepsvåpen.

Etterpå vart det take a way pizza (som det heitar på godt norsk) på gutane. Skulle berre mangle. Så får det heller være at klokka vart godt over elleve før gutane var heime.
Flott innsats gutar! No er me på vinnarsporet att.



Skrive av: Alf M. Høyrem (20.09.05 - 11:42)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487459 besøk, sidan 18. juli 2005