Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget imponerte



Glade jenter etter ein enorm arbeidssiger
Foto:Geir Harkjerr

Alt er mogleg i fotball, og jentene viste det til fulle onsdag kveld på Kreklingen.


Sogndal kom på besøk, og ein var noko spent før kampen. I vår vann Sogndal avdelinga på målskilnad over våre jenter, og ein såg føre seg ein vanskeleg kamp.

Nok ein gong hadde vi 11 jenter frå eige lag klar til kamp, men denne gongen var Amanda S. Hoff og Linn T. Vefring frå småjentelaget henta inn. I tillegg debuterte Bjørg Kristine Sortland frå Sygna.

Dei første minutta av kampen styrte Balestrand nesten som dei ville. Det tok 6 minutt før Sogndal var i nærleiken av vårt mål. Etter 12 minutt sette Ingunn ballen i mål til 1-0 etter flott førearbeid av Ann Kristin og Silje. Minuttet etter var Sara aleine med keeper, men ballen gjekk utanfor.

Sara fekk ein ny sjanse etter 25 minutt spel, men ballen ville ikkje på rett sida av stanga. To minutt seinare lukkast endeleg Sara. Eit flott innlegg frå Amanda som Sara breisida inn på bakerste stolpe.

Jentene gjekk til pause med 2-0 leiing etter ein veldig godt gjennomført omgang.

2. omgang held fram med mykje kriging på midten. Ingen av laga fekk så mange avslutningar mot mål, men Ingunn hadde to store sjansar. 16 minutt ut i omgangen slo Sara flott gjennom til Ingunn somm headda over ein utrusande keeper. Ballen gjekk like utanfor. Etter 20 minutt slo Karita ein presist frispark som Ingunn genialt berre slapp vidare. Linn vart ståande på ti meter og vippa ballen over keeper, og desverre òg over tverrliggaren.

Siste ti minutta fekk Sogndal rive til seg initiativet og pressa oss bakover, men eit solid forsvar ordna opp. Kampen enda med 2-0 til Balestrand, og det var ikkje noko å seia på det.

Bergitte vist som vanleg stor autoritet bakerst med konstruktive beskjedar og flotte inngripnadar. I tillegg viste ho at keeperskulen har gjeve ho svært gode utspel.

Sandra spelte sin beste kamp for sesongen, og vann alle duellar bortsett frå to. Marte var som vanleg bunnsolid på høgreback. Karita styrte frå sin midtstopparplass, og vann duellar og hadde flotte framspel. I tillegg pluss for gode dødballar. Tonje kom rett frå skulebenken på Hafslo og gjorde òg sin beste opptreden for sesongen. Fleire flotte pasningsbrot og like mange gode framspel og avklaringar.

Ann Krisitin og Heidi var sjefane på sentral midtbane. Dei nesten aldri svake kampar, og det var ikkje noko unntak denne kvelden. Vann nesten alle duellane og dei aller fleste andreballane. Samstundes var dei flinke til å slå pasningar og vri spelet. I tillegg er det godt å høyre at kapteinen tek ansvar med snakketøyet.

Marta og Silje spelta på kvar si side på midtbana, og gjorde ein framifrå innsats. Stor innsatsvilje og dei var heile tida i vegen for Sogndal sine spelarar som prøvde seg på kantane. Mange gode pasningar, og jentene har blitt gode til å takle!

Ingunn og Sara var spissar, og skapte mykje hovudbry for forsvaret til Sogndal. Sjølv om det ikkje vart så mange avslutningar, var det mykje gode kombinasjonar og løp på desse to. Kvart sitt mål, og då er kan ein ikkje forlange meir. Ingunn er vel ein av dei som spring mest og ho held eit høgt tempo gjennom heile kampen. Sara har verkeleg blomstra no i haust. ho tek mykje ansvar og har byrja å takle tøft og reint.

Linn spelte sin andre kamp på jentelaget for året, og den første ute. Ho spelte siste 30 minutta på høgre midtbane. Sprang mykje og vann fleire viktige duellar. Fekk ein kjempesjanse til å skåre. Amanda spelte midtbane i 1. omgang og høgreback dei siste 30 minutta i 2. omgang. Flott innlegg til 2-0 målet. Vinn i tillegg mange duellar og gjev seg aldri. Både Linn og Amanda er spelar for framtida, og det synte på ingen måte at dei er to og eitt år for unge til jentelaget.

Bjørg Krisitin debuterte òg denne kvelden. Ho er den einaste frå 89 kullet på Sygna som er aktuell for oss i haust, sidan ho ikkje tidlegare har spela organisert fotball. Dei andre må vente til overgangsvindauget opnar etter sesongslutt. Kjempesterk i kroppen og vinn alle hovudduellane. Flott debutt!

Som nevnt tidlegare, desse jentene våre sluttar aldri å imponera... Gratulerer med ein kjempekamp alle saman.


Bjørg Kristine (nr 4) debuterte
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (15.09.05 - 19:28)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488608 besøk, sidan 18. juli 2005