Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutelaget fekk bank av Høyang



Arkivfoto
Foto:

Høyanger vann ein fortent seier i regnværet på Kreklingen stadion tysdag kveld. Sluttresultatet vart 3-8.

 


I eit ausande regnvær leia smågutane frå industribygda 3 - 0 allereie etter tjue minutt, og kampen var i realtieten avgjort. Laget frå Høyanger var imidlertid ikkje veldig mykje betre enn heimelaget, men ukonsentrert og  periodevis dårleg spel i begge endar av bana øydela for Balestrendingane.

Det er imidlertid ingen grunn for gutane til å deppe. Dei hang godt med, og i perioder av kampen sette dei motstandarane under press, og burde scora fleire enn dei tre måla ein god dommar kunne føre opp på domarkortet etter kampslutt. Keeper har vel og spelt betre kampar før. Eirik var tilbake etter skade og putta to gongar. Gratulasjonar til Ole som scora sitt første mål denne sesongen.

Høyanger laget hadde for øvrig ikkje slept inn mål i haustsesongen før denne kampen, og var det klart beste laget som gutane har spelt mot hittil i år.  

Hadde alle spelt opp mot sitt beste, ville me kanskje ha hatt ein liten mulighet, men diverre var det ikkje alle som hadde dagen. Gutane hadde og vel stor respekt for motstandarane. Det er imidlertid heilt greitt å tape for ein betre motstandar.

Etter at smågutane vann dei to første kampane i haust, har dei no tapt to kampar på rad. Dei tre siste kampane i haust skal imidlerttid vinnast. Allereie komande måndag er det ny kamp i Førde. Då skal Førdianarane få køyrd seg.


Foto:jarle geithus



Skrive av: Alf M. Høyrem (15.09.05 - 19:01)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488705 besøk, sidan 18. juli 2005