Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tap for smågutelaget




Foto:

Etter å ha dominert kampen til dei grader, og missa på utallige 100% sjansar, stakk til slutt Hyllestad av med sigeren mot smågutane måndag kveld.

SMÅGUTELAGET UHELDIGE MOT HYLLESTAD

Smågutelaget klarte utruleg nok å tape 2-3 på Kreklingen stadion måndag kveld. Det kunne verka som om høgare makter hadde bestemt seg på førehand for at Balestrand laget ikkje skulle vinne denne kampen.
Gutane pressa ganske raskt laget frå Hyllestad tilbake på banen og dominerte banesepelet totalt. Men ballen ville ikkje i mål til trass for fleire feite sjansar. I staden var det Hyllestad som kunne kontre inn leiarmålet etter ei uheldig avklaring i Balestrand sitt forsvar. Målet var det ingen ting å seie på, ein skikkeleg Gamst Pedersen kipp.
Verre skulle det imidlertid bli. På ei ny kontring fekk Hyllestad straffe (her var Gustav først på ballen, dommar), og straffesparket gjekk sjølvsagt i mål. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 0 – 2.
Det var eit aggressivt Balestrand lag som kom på bana i andre omgang. Presset heldt fram, og Hyllestad var knapt nok over midtstreken. Gutane heldt fram med å misbruke sjanse etter sjanse. Ballen small i stolpen 4 gongar totalt i heile kampen, men over streken ville den ikkje. Laget spela etter kvart med berre tre mann i forsvar. Til slutt måtte det bli mål. Først redusering til 1-2. Og så utlikning til 2-2. Laget ville imidlertid vinne kampen og pressa høgt og var difor utsett for kontringar. På eit farleg gjennomspel i sluttminutet fekk laget frå Hyllestad frispark like utanfor Balestrand sin 16 meter. Skotet gjekk, ja heilt riktig, i mål, sjølvsagt.
                                                                                                     
Gutane kan takke seg sjølve for tapet ettersom dei misbrukte utruleg mange målsjansar. I tillegg vart dei for ivrige og skulle avgjere ein og ein i staden for å vere tolmodige og spele ballen. Det vart og spelt alt for mykje gjennom midten. Utruleg bittert og vondt for gutane som kjempa godt og hadde fortent å vinne. Kjempegod innsats av alle saman. Dei fleste laga vil før eller seinare oppleve slike kampar. Skottrening vil imidlertid få høg prioritet framover. Lars Ketil kom inn og spelte annen omgang. Han klarte seg godt, og dermed har tre av lillegutane (12 år) spela kamp for smågutelaget denne sesongen.

 

Gutane frå Hyllestad kunne imidlertid juble hemningsløst for seiaren. Hadde Harlemen vore der, ville truleg heile gjengen ha vorte bura inne for ran, ran av tre poeng. 

 



Foto:



Skrive av: Alf Høyrem (09.09.05 - 21:35)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488732 besøk, sidan 18. juli 2005