Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


U på Kreklingen



Oline og Brita i akjson.(Arkivfoto)
Foto:Geir Harkjerr

Lillejentene spelte 2-2 mot Høyang på Kreklingen torsdag. Bortelaget hadde mest grunn til å smila etter kampen.

Det er ikkje alltid at fotball er rettferdig og ballen er rund. Det gjer at ei heil verd elskar denne sporten. Torsdag vart Høyang sine lillejenter rundspelt på Kreklingen. Men resultatet vart likevel 2-2. Heimelaget produserte den eine sjansen etter den andre. Men ballen gjekk stort sett i stolpen eller utanfor. Mari Hoel og Karina Sande fekk til slutt ballen i mål, og redda eitt poeng for heimelaget. Sjølv om resultatet ikkje gir eit rett bilete av kampen, var det mykje å gle seg over denne torsdagen. Blant anna at det gror godt i jentefotballen i bygda. Ikkje mindre enn 17 lillejenter var med på kampen. Sidan det er sjuar-fotball me spelar, så utarta det heile seg til norsk meisterskap i bytting. Men humøret var på topp, og det er trass alt det viktigaste. Dagens dommar var usynleg. Det er ein god attest, Geir. Lillejentene takkar for godt oppmøte av foreldre og andre på heimekampane denne sesongen. Heiarop og klappsalver varmer hjerterøtene til unge håpefulle. No er det to bortekampar att før sesongen er over.

I siget.(Arkivfoto)
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Eirik T (09.09.05 - 08:46)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487189 besøk, sidan 18. juli 2005