Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentene attende på vinnarsporet



(arkivfoto)
Foto:jarle

11 innsatsfulle jenter sørga for siger 4-2 borte mot Lærdal.


Haustsesongen er endeleg i gang òg for jentelaget. Ein har den siste tida førebudd seg på at denne hausten vil verte utfordrande med tanke på at fleire av spelarane no har flytta for å gå på skule.

Kamilla, Ragnhild og Lina er alle på Sandane, og Amalie er langtidsskadd. Dette merkast sjølvsagt både på trening og i kamp. Då Ingvill òg er skadd, hadde vi berre 11 jenter til disposisjon i kampen mot Lærdal. No er det som kjend 11 som har lov å starta kampen, men det hadde vore kjekt å ha innbyttarar med tanke på skadar med meir.

Likevel, jentene viste ei framifrå vinnarvilje i Lærdal. Kampen vart mykje jamnare en kva tilfellet var på dei to kampane i vår, og begge lag hadde fleire målsjansar og avslutningar.

Balestrand hadde det meste av spelet, og etter 32 minutt spel laga Ingunn 1-0. Sara hadde eit flott gjennomspel, og Ingunn kunne enkelt setje ballen forbi keeper. Lærdal tok avspark. Ann Kristin vann ballen og slo ei genial pasning til Sara. Ho fann på nytt Ingunn som laga sitt andre mål berre 25 sekund etter det første.

Lærdal hadde eit skot i tverrliggaren, samt ein stor sjanse der ballen etter eit innlegg spratt forbi tre Lærdalsspelarar som stod på rekke og rad inne i feltet. Mildt sagt ikkje imponerande markeringar av våre jenter. I tillegg viste Bergitte fram fleire gode inngripnadar.

Etter pause var det Sara sin tur til å lage to mål. 3-0 etter 16 minutt, og 4-0 etter 22 minutt spel. Begge måla var det Ingunn som sørga for pasnigane.

Minuttet etter 4-0, reduserte Lærdal til 1-4 etter noko ruskete forsvarsspel av våre jenter. 27 minutt ut i omgangen reduserte Lærdal nok ein gong. Denne gongen på eit korrekt tildelt straffespark. Karita takla som vanleg knallhardt, men traff ikkje heilt slik som regelboka tilseier...

Balestrand helt ut resten av kampen utan fleire baklengs, og var svært nøgde når dommaren bles av for full tid. Alle 11 jentene fortener stor ros for ein kjempeinnsats denne haustkvelden.

Neste kamp vert heime mot Sogndal, onsdag 14. september.


Ingunn laga to av måla (arkivfoto)
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (05.09.05 - 15:21)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487197 besøk, sidan 18. juli 2005