![]() | ||||
![]() |
![]() SM?ÖGUTELAGET MED SEIER OVER F?òRDE 6
Balestrand sitt smågutelag vann 4 - 0 over Førde 6 i ein kamp på Førde krøllgras måndag kveld. I eit ufyseleg vær med regn og vind, vann Balestrendingane til slutt ein fortent seier. Første omgang var relativt jamspelt. Laget var heldig som ikkje fekk Ole - Martin utvist då han som siste mann i forsvaret felte førdianaren på veg igjennom like utanfor 16 - meteren. Ole - Martin klarte seg for øvrig godt som midtstoppar i denne kampen. Frisparket redda Andreas meisterleg. Laget frå Balestrand pressa svært høgt og var difor sårbart for kontringar. Det kunne difor ha gått galt seinare i omgangen då ein av førdespelarane vart spelt igjennom, men også denne gongen redda Andreas glimrande. Andreas var og svært flink til å kome ut og klarere dei øvrige gjennomspela. Balestrendingane hadde og sine sjansar, men hadde grunn til å vere mest nøgd med at det sto 0-0 til pause. Førdelaget var eit reint 92 -lag. Fleire av spelarane til Balestrand var difor fysisk overlegne sine motstandarar, og ein del av tacklingane var i overkant tøffe. Det er likevel lov til å bruke fysikk i fotball, og ein usikker og dårleg dommar må ta på seg noko av skylda for at det til tider vart litt ampert ute på bana. Det er og vanskeleg å spele fotball, når tilhøva vert så vanskelege som dei var måndag kveld. Det var i alle fall føre for skli tacklingar. Sjølv om dette ikkje var nokon stor forestilling, var det gledeleg å sjå god innsats og kjemping av heil laget, spesielt i andre omgang.
|
|||
Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4695510 besøk, sidan 18. juli 2005 |