Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Dramatikk på Syril stadion




Foto:Kjetil Nesse

Det blei full dramatikk då Balestrand slo Syril 5-2 på Leikanger torsdag kveld.

Den fyrste kampen etter ein lang og litt for god sommarferie, skulle visa seg å bli meir dramatisk enn ein kunne ha godt av.
Balestrand gjekk opp til 1-0 alt etter 1 min, og hadde full kontroll på kampen.
Syril hadde lite å stilla opp med mot eit godt Balestrand-lag, som ikkje viste sommarferie-tendensar, og starta haustsesongen der dei slapp vårsesongen.


På stillinga 3-0 skjer det........
Eirik Skåsheim kolliderar med ein Syril-spelar, og fell om på bana.
Han misser til tider bevisstheita, og luftambulansen og lege vert tilkalla.

Han kjem so delvis til seg sjølv, men legen og ambulansen let vente på seg.
Han vert so klår, at luftambulansen snur, og lege/ambulanse kjem på staden.
Kampen fortset, og Eirik vert frakta til sentralsjukehuset i Førde.


Etter dette fell Balestrand bakpå, sterkt prega av situasjonen, og mangelen på Erik i angrepet.
I andre omgang viser dei at dei vil og kan, og klarer allikevel å vinne 5-2 i ein kamp som nok vart i  tyngste laget for dei fleste, mykje grunna det som skjedde, men også på grunn av at gartnaren på Syril hadde teke ein for lang sommarferie, og graset hadde klart å vekse seg til ankelhøgde mange stader.

Me håpar Eirik kjem seg raskt på beina, for neste kamp mot VIk går allerede på tysdag.

 

 

 

 



Foto:Kjetil Nesse



Foto:Kjetil Nesse



Skrive av: Kjetil Nesse (25.08.05 - 21:49)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488701 besøk, sidan 18. juli 2005