Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutelaget banka Gaular




Foto:jarle geithus

Smågutelaget vann ein enkel seier over Gaular måndag kveld utan å ta fram det store spelet.


Balestrendingane tok raskt kommandoen og gjekk opp til 1 - 0 etter berre 3 minutt av kampen. Etter at første omgang var unnagjort, var leiinga auka til 3 - 0. Med normal utteljing burde laget i alle fall ha leia med det doble ettersom dei svidde 3- 4 feite sjansar. Gutane var tydelegvis litt rustne etter ein lang sommarferie. Med så total dominans, la laget om frå 4-4-2 til 3-4-3 i andre omgang. Utan å få til det store spelet, scora gutane ytterlegare 5 mål i andre omgang. Ein god dommar kunne difor føre opp 8-0 på dommarkortet etter å ha blåst av kampen i regnværet på Kreklingen stadion. Dommaren la heilt riktig til ekstra tid, ettersom laget frå Gaular var av det sparsommelege slaget og berre hadde med seg 11 fotballdrakter. For kvar gong Gaular byta spelarar, måtte domaren vente med å blåse i gang spelet til dei hadde byta drakter.

Ein skal ikkje vere misnøgd når ein vinn 8 - 0, tvert imot. Likevel må nok gutane spele betre når dei møter betre motstand seinare. Ein må og ha med seg at fleire av gutane ikkje har trena fotball på nesten 2 mnd. 2 veker til med trening må nok til for å kome opp på vanleg nivå. Denne gongen var, i tillegg til Eirik, og Adrian med. Eirik veit me kva står for, men og Adrian klarte seg meget bra mot spelarar som er 1-2 år eldre enn han sjølv. Kjempebra!

Det hadde vore kjekt om enno fleire hadde møtt opp og sett på kampane til smågutelaget. Dette er ein kjempegjeng, og me er kjempestolte for at me kan stille 11- ar lag i småguteklassen.



Skrive av: Alf M Høyrem (23.08.05 - 22:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487134 besøk, sidan 18. juli 2005