Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Starta med siger




Foto:Geir Harkjerr

Lillejentene fekk ein god start på haustsesongen då dei onsdag kveld vann 1-0 på heimebane mot Kyrkjebø.

Kyrkjebø vann 2-1 i vår, så jentene var innstilte på revansj. Og det fekk dei etter å ha kjempa som løver i 50 minuttar. Heile laget viste kjempegod innsats, og ikkje minst humøret var på topp. I sommar har laget blitt styrka med Mathilde Harlem. Ho fekk æra av å scora kampens einaste mål. Dommar i kampen var Jarle Geithus. Han kom greitt frå oppgåva, men var svært pirken på kasta. Så laget vil difor køyra eit eige kastopplegg på neste trening, slik at karen i svart blir nøgd ved neste korsveg.

SIGER: Lillejentene vann 1-0 mot Kyrkjebø.(Arkivfoto)
Foto:Eirik Thue



Skrive av: Eirik Thue (19.08.05 - 10:07)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487435 besøk, sidan 18. juli 2005